Einar Schibbye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Einar Schibbye
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. oktober 1900
Christiania
Død

15. september 1959 (58 år)

Yrke journalist
Politisk parti Nasjonal Samling
Far Einar Schibbye

Einar Schibbye (fødd 29. oktober 1900 i Kristiania, daud 15. september 1959) var ein norsk kringkastingsmann og kriminalforfatter.

I 1920-åra gav han under pseudonymet Ivan Kanonikoff ut fleire kriminalromanar som parodierte Øvre Richter Frich sine bøker om Jonas Fjeld.

Schibbye vart tilsett som programsekretær i NRK i 1933. Han vart først og fremst kjend som «onkel Einar» i Barnetimen. Historiene om onkel Einar, Oscar og Spisskammeret, eller møta mellom onkel Einar, Kallemann, Amandus og tane Amalie (dei siste figurane var skapt i samarbeid med Sverres Erichsen i Schibbyes NRK-periode i Bergen) vart institusjonar i radioen før den andre verdenskrigen.[1]

I 1938 stod han for aprilspøken Papegøyeutstilling på NRK radio.

NRK-reklamefilmen Fra mikrofon til høyttaler' vart spelt inn hausten 1940 etter eit manuskript av Schibbye. Erik Lund var regissør/fotograf.[2]

Under andre verdskrigen vart han medlem av Nasjonal Samling. I 1942 vart Schibbye utnemnd til direktør for Oslo kommunale kinematografer.[3]

Han hadde skrive fleire små sketsjar og høyrespel for born, både før og under krigen og vart ein av dei forfattarane som vart stengd ute etter freden i 1945, [4]

Etter krigen var Schibbye i fleire år ikkje ynskte i kringkastinga på grunn av det politiske valet sitt under krigen, men ut på 1950-talet slapp han til med radiohørespill. Han medverka òg på dei populære barneplatene med Doffen (spelt av Einar Sissener), utgjeve av Norsk Grammofonkompani A/S.

Bibliografi (i utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1925: Melodien til alkoholen. Storforbryderroman (under pseudonymet Ivan Kanonikoff)
  • 1927: Paa bunden av Skagerak ( under pseudonymet Ivan Kanonikoff)
  • 1949: Hvem kysset Victoria? (kriminalroman)
  • 1948: Den siste natten (under pseudonymet Sandar Sim)
  • 1946: Lugar nr 36 (kriminalroman, under pseudonymet Sandar Sim)
  • 1938: Onkel Einar og Spisskammeret og Truls (barnebok)
  • 1937: Onkel Einar og Oscar i studio (barnebok)
  • 1934: Kallemann og Amandus (barnebok)

Krimhøyrespel[endre | endre wikiteksten]

  • 1954: Mord for åpen mikrofon (Seks deler)
  • 1958: Jeg vil vite hvem jeg er (Seks delar)
  • 1959: Rødt mysterium (Seks delar)[5]

Andre høyrespel[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dahl, Hans Fredrik: Hallo Hallo! Kringkastingen i Norge 1920-1940, Oslo 1975, s. 276
  2. Dahl, Hans Fredrik: Dette er London. NRK i krig 1940-1945, Oslo 1979, s. 289
  3. BBC London 13. mars 1942
  4. Hartenstein, Tilman: Det usynlige teatret: Radioteatrets historie 1926-2001, Oslo 2001, s. 47
  5. Hartenstein, Tilman: Det usynlige teatret: Radioteatets historie 1926-2001, Oslo 2001, s. 89
  6. Hartenstein, Tilman: Det usynlige teatret: Radioteatrets historie 1926-2001, Oslo 2001, s. 199
*Denne artikkelen bygger på «Einar Schibbye» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2018.