Eklund Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 73°16′S 71°50′W
Eklund Islands
øy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
koordinatar 73°16′S 71°50′W
Administrert under Antarktistraktaten
Eklund Islands is located in Antarktis
Eklund Islands (Antarktis)

Eklund Islands er ei øygruppe som stig opp over isen nær sørvestenden av George VI Sound sør for Den antarktiske halvøya.

Den største øya, som er 5 nautiske mil lang med ei høgd på 410 moh, vart oppdaga i desember 1940 av Finn Rønne og Carl R. Eklund frå U.S. Antarctic Service under den 1750 km langs sledeturen sør for Stonington Island sørvest i George VI Sound og attende. Den store øya vart då namngjeven av Ronne etter Eklund, ornitolog og assisterande biolog i ekspedisjonen. V. E. Fuchs og R. J. Adie frå Falkland Islands Dependencies Survey var på sledetur sørvest i George VI Sound i 1949, og fordi isen hadde trekt seg attende i sundet klarte det var snakk om fleire hovudsakleg isdekte øyar. Namnet Eklund vart derfor av Advisory Committee on Antarctic Names nytta om heile gruppa.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eklund Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).