Eksjö kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eksjö kommun
Eksjö vapen.svg
Kommunevåpenet til Eksjö kommun
Len Jönköpings län
Landskap Småland
Areal 873,29 km²
 – Landareal 799,48 km²
 – Vassareal 73,81 km²
Folketal 16 312
Kommunenummer 0686
Kart
Eksjö Municipality in Jönköping County.png

Eksjö kommune ligg i det svenske länet Jönköpings län. Administrasjonssenter i kommunen er Eksjö.

Opprøret til Nils Dacke i 1524 hadde fotfeste i Eksjö, og byen var ein av dei seks stadene der det oppkutta liket til Dacke vart hengt opp til skrekk og åtvaring. Byen vart brent ned under den nordiske sjuårskrigen i 1568. Eksjö garnison har røter attende til 1400-talet.

Den omkring 800 meter lange og mellom 7 og 24 meter breie kløfta Skurugata ligg i Eksjö kommune.

Forfattaren Albert Engström kom frå kommunen.

Innhaldsliste

Kommunekommunevåpenet [endre]

Blasonering: På sølvbotn ei grøn eik.[note 1]

Eika kjem truleg frå kommunenamnet og finst på eit bevart seglavtrykk frå 1439. Kommunevåpenet vart offisielt først i 1949. Ved kommunedanninga i 1971 fanst det to forskjellige kommunevåpen, dette for Eksjö stad, og eit for Höreda landskommun. I 1974 let kommunen registrere det gamle bykommunevåpenet som kommunevåpenet.

Tettstader [endre]

Eksjö kommune har seks tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Eksjö 9 676
2. Mariannelund 1 554
3. Ingatorp 501
4. Hult 473
5. Hjältevad 345
6. Bruzaholm 274

Folketalsutvikling [endre]

Venskapsbyar [endre]

Utanom dei formelle venskapsbyane finst det òg andre internasjonale kontaktar og projektpartnarar. Skulene har kontakter på mange ulike plasser, til dømes Eritrea, Nederland, Irland, Skottland, Tsjekkia, Kenya og Tyskland.

Kjelder [endre]

Fotnotar [endre]

  1. «I fält av silver ein grön ek.».