Ekstremvêret Hilde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hilde - laurdag ettermiddag 16. november 2013.
Foto: Meteorologisk Institutt
Hilde - laurdag kveld 16. november 2013.
Foto: Meteorologisk Institutt
Analyse av Hilde for laurdag kveld.
Foto: Meteorologisk Institutt

Hilde var eit varsla ekstremvêr utstedt fredag 15. november 2013 for laurdag kveld for Trøndelag og Helgeland. Varselet gjaldt sterk vind og høge bølgjer rett inn på kysten.[1]

Under ekstremvêret vart det sterk storm og kortvarig orkan på kysten av Trøndelag og Helgeland, og kraftige vindkast innover i landet. Signifikant bølgjehøgd vart målt til 12-14 meter laurdag kveld den 16. november 2013.[1]

Vêrsituasjonen[endre | endre wikiteksten]

Eit kraftig lågtrykk oppstod i Atlanteren sørvest for Island og utvikla seg til eit stormsenter medan det gjekk inn i sentrale område av Norskehavet i løpet av den 16. november. Lågtrykkssenteret gjekk så inn i sentrale delar av Nordland. Det var vinden på sør- og sørvestsida av lågtrykksenteret, den såkalla «giftige halen» som var kraftigast.

Lågtrykket vart såpass kraftig fordi det utvikla seg lenger aust enn det som er normal, og var på sitt sterkaste då det nådde norskekysten.[1] Som regel vil lågtrykka ha svekka seg noko før dei kjem så langt aust.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Uvêret vart meir eller mindre slik det vart varsla.[1] På kysten av Trøndelag og Helgeland bles det kortvarig orkan, og det vart målt vindkast opp i 40-50 m/s. Utanfor Trøndelag vart signifikant bølgjehøgd målt til nesten 14 meter.

Over 55 000 kundar fekk straumbrot som varte meir enn ein time, og for 64 kundar gjekk det kring 5 døgn før dei fekk straumen attende.[2] Forsikringsselskap fekk inn kring 1300 meldingar om skadar og naturskadeerstatninga vart estimert til å vere kring 120 millionar kroner.[1]

Vindmålingar[endre | endre wikiteksten]

Stasjon Sterkast middelvind (m/s) Sterkaste vindkast (m/s)
Nordøyan fyr 39,5 51,0
Sklinna fyr 35,5 44,9
Halten fyr 30,0 38,7
Rørvik 29,7 38,2
Buholmråsa fyr 28,4 36,7
Sula 26,3 35,2
Vega 25,3 35,0
Ørland 24,7 39,4
Sandnessjøen 24,6 31,8
Solvær 24,5 30,7
Namsos 24,1 35,0
Værnes 22,4 30,0
Varntresk 22,1 34,6
Brønnøysund 21,9 33,3
Hitra 21,4 33,3
Reipå 21,3 32,5

Sklinna fyr sette ny rekord for høgast middelvind på stasjonen, men har tidlegare hatt høgare vindkast. Vêrstasjonen mista derimot data på grunn av straumbrot i den kraftige vinden, og kan derfor ha hatt sterkare vind og vindkast enn det som vart målt.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Ekstremvêrrapport for Hilde» (PDF). Meteorologisk Institutt. 9. desember 2013. Henta 15. februar 2015. 
  2. «Erfaringer fra ekstremværet Hilde, november 2013» (PDF). NVE. Februar 2014. Henta 15. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]