Elva Aisne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aisne
Aisne ved Soupir
Aisne ved Soupir
Utspring Champagne-Ardenne
Munning Oise
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 280 km
Middelvassføring 63 m³/s
Nedslagsfelt 7 752 km²

Aisne er ei elv nordaust i Frankrike og ei av sideelvane til Oise frå venstre. Ho har gjeve namn til departementet Aisne.

Ho har sitt utspring i Argonneskogen nær Sainte-Menehould, og renn nordover, og så vestover før ho munnar ut i Oise nær Compiègne. Aisne er om lag 280 km lang. Tre slag vart utkjempa i Aisnedalen under den første verdskrigen.

Departement og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Små båtar kan segle langs nesten heile elva. Kanalar knyter Aisne til elvane Seinen og Maas. Kanalnettverket til Aisne og Canal Latéral à l'Aisne gjev tilgang til jordbruksstadane i Soissons og Vailly-sur-Aisne, begge store eksportørar av frokostblandingar. Vassvegen er knyter òg Nordvest-Europa med den litle innlandshamna i Reims, der metallurgisk industri er avhengig av innlands vasstransport. Aisne er knytt til resten av nettverket via Oise, Canal de l'Aisne à l'Oise, Canal des Ardennes og Canal de l'Aisne à la Marne.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]