Elva Dordogne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dordogne
Dordogne i Périgord.
Dordogne i Périgord.
Utspring Massif Central
- Høgd 1 720 m
Munning Garonne
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 490 km
Middelvassføring 450 m³/s
Nedslagsfelt 23 870 km²

Dordogne (oksitansk: Dordonha) er ei elv i sørvestlege og sentrale delar av Frankrike

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva har sitt utspring i fjellsida av Puy de Sancy (1 885 m) i fjella i Auvergne, der to små fjellelvar renn i hop: Dore og Dogne. Ho renn hovudsakleg vestover om lag 500 km gjennom regionane Limousin og Périgord før ho munnar ut i Gironde, elvemunningen som ho delar med Garonne, nord for byen Bordeaux.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Dordogne kjem av det antikke ordet Durānius, som igjen har sitt opphav i den urkeltiske rotadur-, dor- (som i Durance).

I mellomalderen fekk namnet på elva den doble endinga -ononia, påverka av endinga -onna, som ein finn i namnet til mange andre elvar i Frankrike. På 500-talet var namnet Dorononia fluvius, på 700-talet Dornonia, som utvikla seg til Dordonia (800-talet).

Natur[endre | endre wikiteksten]

Dordogne er ei av få elvar i verda der store tidvassbølgjer brer seg langt oppover elva. Dordognedalen vert rekna som ein vakker dal, og er med på å trekke turistar til regionen. Turistsesongen varer stort sett frå juni til september, der juli og august er høgsesong.

Elveleiet[endre | endre wikiteksten]

Dordogne renn gjennom følgjande departement og byar:

Dordogne i Périgord

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Dei største sideelvane til Dordogne frå kjelda til munningen (H=høgre, V=venstre)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elva Dordogne

Kjelder[endre | endre wikiteksten]