Regionen Limousin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Limousin
Våpenskjoldet til Limousin
Fakta
Hovudstad Limoges
Regionspresident Gérard Vandenbroucke
Flatevidd 16 942 km²
Folketal 725 000 (2006)
Rangering 22
Folketettleik 43 innb./km²
Arrondissement 8
Kantonar 106
Kommunar 747
Geografi
Plassering av Limousin i Frankrike

Departement
Corrèze   Creuse
Haute-Vienne

Limousin (oksitansk Lemosin) er ein tidlegare region i Frankrike. Regionen hadde berre like under 750 000 innbyggjarar, slik at han var ein av dei minst folkesette regionane i Frankrike. Det var færre innbyggjarar i Limousin enn i byen Marseille. Limousin vart ofte brukt som døme på kvifor franske regionar var for små og burde slåast saman. I 2016 vart då også Limousin og fleire andre regionar slått saman til den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.[1]

Limousin er i hovudsak eit jordbruksområde, og er kjend for ha noko av det beste slaktekveget i verda. I tillegg til kveget er tømmer ei av hovudnæringane i regionen. Regionshovudstaden Limoges er verdskjend for porselenet som vert laga her, og er ein leiande aktør innan elektrisk utstyr (som tidlegare nytta porselen som isolator). Fabrikkane har derimot vorte færre.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Nesten heile Limousin er høgland. Dei lågaste områda ligg i nordvest (om lag 250 meter over havet) og det høgaste i søraust (om lag 1000 m over havet). Den største delen av regionen ligg over 350 meter. Det er fleire viktige elvar i Limousin, som Dordogne, Vienne, Creuse og Cher. Regionen er kjend for sin gode vasskvalitet og for tilbod om fiske av første klasse.

Sjølv om temperaturen om sommaren ofte stig over 32 °C, og til og med har nådd 42 °C, har Limousin eit fuktigare og mildare klima enn naboregionane. Vinteren er ofte lang og kald, særleg i høgareliggande område, og snø er ganske vanleg.

Området rundt Brive-la-Gaillarde i Corrèze har meir enn 2000 soltimar i året, det same som den sørlege byen Toulouse.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder=[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°41′N 1°37′E