Auvergne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Auvergne
Auvergne sitt våpenskjold
Fakta
Hovudstad Clermont-Ferrand
Regionspresident René Souchon
Flatevidd 26 013 km²
Folketal 1 334 000 (2006)
Rangering 19
Folketettleik 51 innb./km²
Arrondissement 14
Kantonar 158
Kommunar 1 310
Geografi
Plassering av Auvergne i Frankrike

Departement
Allier   Cantal
Haute-Loire   Puy-de-Dôme

Auvergne (oksitansk Auvèrnhe / Auvèrnha) er ein region i Frankrike.

Den noverande administrative regionen Auvergne er større enn den historiske provinsen Auvergne. Regionen Auvergne består av følgjande gamle provinsar:

  • Auvergne: Departementa Puy-de-Dôme, Cantal, nordvestlege delar av Haute-Loire, og dei sørlegaste delane av Allier. Provinsen Auvergne er heilt omslutta av regionen Auvergne.
  • Bourbonnais: Departementet Allier. Ein liten del av Bourbonnais ligg òg i regionen Centre.
  • Velay: sentrale og søruastlege delar av departementet Haute-Loire. Velay er heilt omslutta av regionen Auvergne.
  • Ein liten del av Gévaudan: dei sørvestlegaste delane av Haute-Loire. Gévaudan ligg i praksis i regionen Languedoc-Roussillon.
  • Ein liten del av Vivarais: dei søraustlegaste delane av Haute-Loire. Vivarais ligg stort sett i regionen Rhône-Alpes.
  • Ein litne del av Forez: dei nordaustlegaste delane av Haute-Loire. Forez ligg stort sett i regionen Rhône-Alpes.

Velay, Gévaudan og Vivarais vert ofte rekna som underprovinsar av den gamle provinsen Languedoc. Forez vert òg rekna som ein underprovins av provinsen Lyonnais. Derfor består den moderne regionen Auvergne av provinsane Auvergne, Bourbonnais, og delar av Languedoc og Lyonnais.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Flag of France.svg Franske regionar Flag of France.svg
Alsace | Aquitaine | Auvergne | Bourgogne | Bretagne | Centre | Champagne-Ardenne | Corse | Franche-Comté | Île-de-France | Languedoc-Roussillon | Limousin | Lorraine | Midi-Pyrénées | Nord-Pas-de-Calais | Basse-Normandie | Haute-Normandie | Pays de la Loire | Picardie |
Poitou-Charentes | Provence-Alpes-Côte d'Azur| Rhône-Alpes