Garonne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garonne
elv
Garonne i Toulouse.
Land  Frankrike,  Spania
Nedslagsfelt 84 811 km²
Lengd 575 km
Kjelde Pyreneane
 - høgd 1 872 moh.
Munning Elvemunningen Gironde,
Biscayabukta
Kart
Garonne
42°37′4″ N 0°58′8″ E
Wikimedia Commons: Garonne

Garonne (i antikken Garumna; katalansk og oksitansk Garona) er ei elv sørvest i Frankrike og nord i Spania med ei lengd på 575 km.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Garonne», Garumna i antikken, er eit namn som framleis tyder «elv» på gasconsk. Det kjem av det aquitanske ordet *kʰarr-, som tyder «stein», og liknar det moderne baskiske harri, «stein», og frå den urindoeuropeiske rota -unn-, -onna, som tyder «kjelde, elv», og som ein kan finne igjen i mange andre elvar i Vest-Europa (som Seinen eller Saône).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva har sitt utspring i Val d'Aran (dei spanske Pyreneane), og renn via Toulouse mot Bordeaux, der ho munnar ut i elvemunningen Gironde. Gironde renn vidare ut i Biscayabukta og Atlanterhavet.

Garonne har tre store sideelvar: Ariège, Tarn, Lot. Like etter Bordeaux møter Garonne elva Dordogne og dei to dannar elvemunningen Gironde, som etter om lag 100 km renn ut i Biscayabukta. Andre sideelvar er Save og Gers.

Garonne er ei av få elvar i verda som har ei stor tidvassbølgje. Surfarar kan t.d. ri på bølgja så langt opp elva som til landsbyen Cambes, som ligg 110 km opp i elva, og stundom enno lengre.

Byar langs elva[endre | endre wikiteksten]

Største sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Frå utspring til munning:

Transport[endre | endre wikiteksten]

Garonne spelar ei viktig rolle som innlands vassveg. Elva er framkommeleg for havgåande fartøy opp til hamna i Bordeaux, og er ein del av Canal des Deux Mers, kanalen som knyter Middelhavet til Biscayabukta, ein langt kortare og tryggare transportveg frå jordbruksområda i Sør-Frankrike til Atlanterhavet.

Frå havet kan skip passere gjennom elvemunningen Gironde fram til munningen av Gironde, som ligg til venstre for dei som seglar oppover elva. Garonne er framkommeleg for større fartøy opp til Pont de Pierre (Steinbru) i Bordeaux. Elvebåtar kan segle vidare oppover elva til Castets-en-Dorthe, der Canal Latéral à la Garonne møter elva. Denne sidevegskanalen kan ta skip gjennom 53 sluser til byen Toulouse, der kanalen møter Canal du Midi, og dei dannar i lag «Canal des Deux Mers».

Det vart gjort store utbetringar på Canal Latéral à la Garonne på 1900-talet, eit av dei største prosjekta av sitt slag i Europa, då kanalen vart standardisert med sluser på 38x5 meter. Den franske ministeren Freycinet avgjorde at alle viktige kanaler for langdistansetransport skulle omgjerast til desse dimensjonane. Canal du Midi slapp delvis unna denne operasjonen, fordi då ein byrja på dette arbeidet hadde den kommersielle trafikken i kanalen nesten heilt forsvunne. Arbeidet vart stoppa, og kanalen kom seinare på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Garonne