Emil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namnetrekket til pianisten Emil Liebling.
Namnetrekket til forfattaren og teiknaren Emil Ferris.

Emil er eit mannsnamn med opphav i det latinske slektsnamnet Aemilius, som eigentleg tyder rival. Ein fransk variant er Émile. Det er i slekt med kvinnenamna Emilie og Emilia.

Emil har namnedag 23. januar i Noreg, 30. august i Finland og 14. november i Sverige.

Kjendenamneberarar[endre | endre wikiteksten]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende namneberaren i dag er likevel truleg Astrid Lindgren sin oppdikta rakkarunge, Emil i Lønneberget, som stadig måtte høyra eit sint «Eeeeemil!» frå far sin når han hadde gjort eit peik.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Emil