Emil Aarestrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emil Aarestrup.jpg

Carl Ludvig Emil Aarestrup (fødd 4. desember 1800 i København, død 21. juli 1856 i Odense)) var ein dansk lege, som i dag er betre kjend som seinromantisk diktar og fornyar av den erotiske lyrikken.

Emil Aarestrup studerte medisin og etablerte seg som lege på Lolland og var seinare fylkeslege i Odense. Medan han levde gav han berre ut ei enkelt samling, Digte i 1838. Han skreiv lyrikk til skrivebordskuffa (stort sett alt han skreiv vart ikkje gjeve ut), elles gjekk lyrikken hans i manuskript frå hand til hand og vakte ei viss oppsikt; men han vart ikkje lagt merke til av kritikarane på denne tida. Først etter han var død vart diktinga hans allment kjent på grunn av ei avhandling av Georg Brandes. Aarestrup omsette mange diktarar som Heinrich Heine, Lord Byron og Thomas Moore til dansk.

Johan Ludvig Heiberg likte ikkje diktinga til Aarestrup; han skreiv eit spøkefullt dikt der han parodierte stilen hans[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]