Emily Greene Balch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emily Greene Balch.

Emily Greene Balch (8. januar 18679. januar 1961) var ein USA-amerikansk økonom, forfattar og pasifist som vann Nobels fredspris i 1946. Fredsprisen vann ho for det langvarige arbeidet i Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom. Med det vart ho den tredje kvinna som vart tildelt fredsprisen etter Jane Addams (1931) og Bertha von Suttner (1905). Emily Greene Balch var ei engasjert kvinne som levde ugift all si tid.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Emily Greene Balch vart fødd i ein rik advokatfamilie i Boston. Ho fekk god skulegang i oppveksten, og fekk studera økonomi ved Bryn Mawr College med studieopphald i Europa. I 1896 vart ho tilsett ved Wellesley College der ho vart utnemnt til professor i økonomi og sosiologi i 1913. Balch var ei engasjert kvinne som inspirerte studentane sine og som ivra for stemmerett for kvinner, hjelp til flyktningar og rettferd mellom menneske av ulike rasar.

Etter at den fyrste verdskrigen braut ut i 1914, vart Emily Greene Balch ein overtydd pasifist. I 1915 deltok ho på den internasjonale kvinnekongressen i Haag, der ho skipa ein organisasjon som ho kalla «Women's International Committee for Permanent Peace» - «Kvinnenes internasjonale kommité for varig fred». Dette vart forløparen til «Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom». Tilbake i Sambandsstatane demonstrerte ho aktivt mot at statane skulle blanda seg inn i konflikten. Ho skreiv ein søknad til Wellesley om ho kunne få permisjonsløyve frå colleget, men i staden vart ho oppsagt som professor av di ho hadde motarbeidd amerikansk innblanding i krigen. [1] Balch vart no tilsett som ein av redaktørane i den liberale avisa The Nation.

I 1919 deltok ho på den andre internasjonale kvinnekongressen, i Zürich og vart utnemnt til sekretær i kvinneligaen for fred og fridom, med hovudkvarter i Geneve. Ho vart verande i denne stillinga til 1922. I mellomkrigstida var ho engasjert på mange område, og hadde ymse ulike verv i organisasjonar, særleg i Folkeforbundet. Ho arbeidde m.a. med nedrusting, narkotikakontroll og med å avgjera USA si rolle i forbundet. I 1926 vart ho sendt til det USA-okkuperte Haiti og skreiv ein detaljert rapport om tilhøva der; Occupied Haiti.

Utover mellomkrigstida vart Balch ei stadig sterkare motstandskvinne mot fascisme og nazisme, i så stor grad at ho under andre verdskrigen forlét dei pasifistiske ideala sine og ville «forsvara dei fundamentale menneskerettane med sverd i hand». Under denne krigen støtta ho difor at USA vart involvert. I 1946 vart ho, 79 år gamal, tildelt fredsprisen saman med misjonæren John Raleigh Mott. Pengepremien donerte ho til Folkeforbundet. Sjølv etter dette var ho aktiv i den internasjonale kvinneligaen, trass i skral helse. Ho døydde 94 år gamal.

Utvalde bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1893: Public Assistance of the Poor in France. Baltimore, American Economic Association.
  • 1910: Our Slavic Fellow-Citizens. New York, Charities Publication Committee.
  • 1915: Women at The Hague: The International Congress of Women and Its Results. Med Jane Addams og Alice Hamilton, New York, Macmillan.
  • 1918: Approaches to the Great Settlement, med innleiing av Norman Angell. New York, Huebsch, 1918.
  • 1927: Occupied Haiti. Rapport frå Haiti i 1926 som støttar fornya sjølvstende for landet. New York, Writer's Publishing Co., 1927.
  • 1941: The Miracle of Living. Diktsamling, New York, Island Press, 1941.
  • 1946: Citizen of the World. med John Herman Randall. Washington, D.C., Den internasjonale kvinneligaen for fred og fridom, 1946.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]