Engkarse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Engkarse | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Brassicales | |
| Familie: | Brassicaceae | |
| Slekt: | Cardamine | |
| Art: | C. pratensis | |
| Vitskapleg namn | ||
| Cardamine pratensis | ||
Engkarse er ei plante i slekta Cardamine i krossblomfamilien. Planta er 20 til 40 cm høg og veks på fuktige enger og i lyse lauvskogar. Ho er vanleg i heile Noreg, især på Vestlandet, og blomstrar i mai-juni. Elles i verda veks arten naturleg over mykje av den nordlege tempererte sona.
Engkarsen har rund stengel med blad som sit fleire på kvar bladstilk. Blada nærast rota er runde til svakt klubbeforma. Blada på sidestilkane på stengelen er lengre og smale. Blomsteren har fire kronblad, slik som er det vanlege i denne plantefamilien. Kronblada er lyst fiolette med mørkare årar. Fruktene ligg som ei rad frø i fire cm lange skulper.
Kjelder [endre]
- Wikipedia på bokmål.
- Svensk wikipedia.
- Floraen i farger, Aschehoug, 3. opplag, 1970.