Eplemost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eplemost eller eplejuice er ein drykk laga av pressa eple og ikkje noko anna.

Eplemost kan òg vere laga av konsentrert eplemost som er blanda opp att med vatn til same volum som basisproduktet. For at eplemosten skal halde seg, vert han pasteurisert under tappeprosessen.

Nemningane Eplesaft eller eplenektar er bruka om blandingsprodukt av eplemost, sukker og vatn, samt eventuelle andre tilsetjingsstoff. Eplesaft kan òg innehalde kolsyre.

Eplejuice frå Hardanger[endre | endre wikiteksten]

Eplejuice frå Hardanger er beskytta produktnemning for ferskpressa most av eple frå Hardanger, som omfattar kommunane Jondal, Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda. Eplesortane som skal brukast, er gravenstein, summerred, aroma og discovery. Eplemost frå Hardanger kan merkast med teksten «beskytta geografisk nemning» og figurmerke for beskytta geografisk nemning.

Eplemost frå Hardanger er kjenneteikna ved ein lett syrleg og aromatisk eplesmak. Tradisjonen er dokumentert attende til 1700-talet. I 1818 skreiv prost Niels Hertzberg om hardangerbonden Knut Jåstad (f. 1744) at «han lærte sine Sambygdinger at gjøre sig nytte av de vilde Skovæplers saft. Han gjorde sig hertil presser med sterke Jernskruer og selde Saften i Bergen». Ved førre hundreårsskifte selde m.a. «Cideriet» og «Aga Cideri og saft» fabrikkprodusert eplesider og eplesaft frå Hardanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]