Erik Hoftun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Hoftun

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mars 1969 (55 år)
Kyrksæterøra
Yrke fotballspelar
Høgd 186 centimeter
Erik Hoftun på Commons

Erik Hoftun (fødd 3. mars 1969) er ein tidlegare norsk fotballspelar og no trenar/leiar innan fotballen. Han arbeider for Rosenborg Ballklub. Hoftun kjem frå Hemne kommune.

Trenar/leiarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Sidan Januar 2008 har han vore tilsett som assiterande sportsleg leiar i Rosenborg Ballklub, klubben han spela for i nesten heile si spelarkarriere. Under vårsesongen 2008 var Hoftun assistenttrenar for hovudtrenar Trond Henriksen i same klubb. Som sagt blei Hoftun i utgangspunktet henta til klubben som assisterande sportsleg leiar, men då sportsdirektør Knut Thorbjørn Eggen vart sjukmeld og seinare sa opp stillinga som sportsdirektør har Hoftun også har/hatt mange av Eggen sine arbeidsoppgåver. I 2007 kombinerte Hoftun sportssjef-jobb i Bodø/Glimt med å samstundes spele for Adeccoliga-klubben.

Spelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

I ei årrekkje spelte Hoftun midtstoppar på Rosenborg. Han har og spelt 30 kampar for det norske landslaget. Hoftun er ein av relativt få norske landslagsspelarar i nyare tid som aldri har spela for eit aldersbestemt landslag.

Hoftun starta seniorkarrieren sin i den lokale 3.divisjonsklubben KIL/Hemne. I 1992 reiste han til Molde, der han raskt blei fast inventar på førstelaget. Han spela to sesongar i Molde før han blei kjøpt av Rosenborg i 1994. Som Rosenborg-spelar har Hoftun vore med på å vinne 11 seriemeisterskap, og spelt ei rekkje kampar i Mesterligaen. Heile 6 år på rad - åra 1995 til 2000 vann Erik Hoftun Kniksenprisen som beste forsvarar. Ingen andre aktive fotballspelarar har vunne Kniksenprisen meir enn 3 år på rad, eller meir enn 4 prisar totalt.

Hoftun var med i den norske VM-troppen i Frankrike-VM i 1998, men sat på benken gjennom heile turneringa. Han ville truleg fått spele i EM-sluttspelet to år seinare, men måtte melde fråfall grunna skade.

Hoftun hadde ingen planar om å gje seg som fotballspelar med det første trass i sin høge alder. 20. juli tok Hoftun konsekvensane av lite speletid i Rosenborg og signerte for eliteseriekollegaen Bodø/Glimt. Han spela for Glimt fram til han la opp etter 2007-sesongen.

Karriere som spelar[endre | endre wikiteksten]

(Sist oppdatert 31. oktober 2007)

Klubb Kamper* Mål* Periode
Noreg KIL/Hemne ? ? ????-1991
Noreg Molde 44 5 1992-1993
Noreg Rosenborg 276 14 1994-2005
Noreg Bodø/Glimt 53 2 2005-2007

* Berre seriekampar.

Karriere som trenar/leiar[endre | endre wikiteksten]

(oppdatert 14. juni 2008)

Klubb Stilling Periode
Noreg Bodø/Glimt Spelande sportssjef 2005-2007
Noreg Rosenborg Assistenttrenar Januar 2008 - Juni 2008
Noreg Rosenborg Ass. sportsleg leiar Januar 2008 -


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]