Eugène Grasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fernand Desmoulins: Eugène Grasset, ca 1897
Encre L. Marquet, plakat frå 1892

Eugène Samuel Grasset (25. mai 184523. oktober 1917) var ein sveitsisk-fransk bilethoggar, målar og illustratør. Han var aktiv under belle epoque og vert rekna som ein av pionerane innanfor art nouveau.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Grasset var fødd i Lausanne, der far hans var møbelsnikkar. Mellom 1861 og -63 studerte Grasset arkitektur ved den polytekniske skulen i Zürich under professor Gottfried Semper. Etter studiane i Zürich arbeidde han ei stund i eit arkitektfirma i Lausanne, før han 1865-66 la ut på ein studietur over Marseille til Egypt. Ei tid deretter arbeidde han som målar og skulptør i heimbyen.

I 1871 flytta Grasset til Paris. Dei følgjande åra var han aktiv i nesten alle former for brukskunst. Grasset opplevde snart stor suksess som illustratør, men designa både møblar og plakatar og stod for utforminga av fasaden på Hôtel de Dumas i Paris. Størst lukke gjorde han som plakatkunstnar då han frå 1877 tok i bruk grafisk kunst. Vidare laga han mosaikkar, glasmåleri, tapetmønster, smykke, kalenderar, frimerke og mykje meir. Illustrasjonane hans er særleg påverka av stilen til Gustave Doré, men når det gjaldt arbeid av meir kommersiell art var det verk av Eugène Viollet-le-Duc som var førebiletet hans.

Grasset tok fransk statsborgarskap i 1891. Tida 1890-1903 underviste han som professor ved 'École Guérin' og i åra frå 1905 til han døydde var han lærar på 'École Estienne', begge skulane låg i Paris. Mellom studentane hans finn ein Augusto Giacometti, Ernst Otto og Paul Follot. Til verdsutstillinga i Paris i 1900 skapte og presenterte han skrifttypen «Grasset».

Grasset døydde i Sceaux i departementet Hauts-de-Seine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eugène Grasset