Marseille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marseille
Horisonten til Marseille
Flagget til Marseille Byvåpenet til Marseille
Flagget til Marseille Byvåpenet til Marseille

Motto
«Actibus immensis urbs fulget Massiliensis.»
«Av hennar store handlingar skin byen av Massilia»
Styresmakter
Land
Region

Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Bouches-du-Rhône
Grunnlagd Omkring 600 fvt.
Borgarmeister Jean-Claude Gaudin
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

240,62 km²
1 290 km²
2 830,2 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

808 700
  3 362/km²
1 349 772 (1999)
1 516 340 (1999)
Koordinatar 43°17′51″N 5°22′38″EKoordinatar: 43°17′51″N 5°22′38″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer 13001-13016
Telefon-retningsnummer 0491
Nettstad: www.mairie-marseille.fr
Plassering
Plassering av  Marseille

Marseille, (oksitansk Marselha eller Marsiho, på latin Massilia) er den nest største byen i Frankrike, og har det tredje største storbyområdet med eit innbyggjartal på 1 516 340 i 1999 (berre Paris og Lyon er større). Byen ligg i den tidlegare provinsen Provence ved Middelhavet, og er den største kommersielle hamna i Frankrike. Marseille er hovudstad i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur i tillegg til préfecture (hovudstad) i departementet Bouches-du-Rhône.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var greske kolonistar frå Fokaia som grunnla byen (som Massalia - Μασσαλία) omkring 600 f.Kr. Dei hadde stor sukess her, og gjorde byen til eit stort handelssentrum med ei svært god hamn. Dei var òg dei første i Vest-Europa til å bygge opp eit fungerande kloakksystem. Då moderbyen Phokaia i stor grad vart øydelagd av persarane i 545 f.Kr., kom det mange fleire grekarar til Massalia, noko som stundom vert rekna som den andre grunnlegginga av byen.

Byen fekk sjølvstyre i 1218, men i 1347 kom Svartedauden til Frankrike. Ein meinte pesten kom til landet via hamna i Marseille. Under den tyske okkupasjonen frå november 1942 til august 1944 vart store hamneområde øydelagde. Ved utgravingar etter krigen oppdaga ein spor av den gamle hamna, dokkar og eit teater mellom Quai du Port og Rue Casserie.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marseille