Eugène Pottier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eugène Pottier

Eugène Edine Pottier (4. oktober 18166. november 1887) var ein fransk revolusjonær sosialist og poet. Han er kjend for å ha skrive teksten til songen «Internasjonalen», som vert sungen i sosialistiske og kommunistiske krinsar verda over. Som yrke utforma han mønstre for stoff og klede, og skipa eit firma for stoffprenting.

Eugène Pottier komponerte sin fyrste song, «Vive la Liberté» ('Leve Fridomen'), i 1830, og publiserte i 1840 «Il est bien temps que chacun ait sa part» ('Det er på tide at kvar og ein får sin del'). Han tok ofte del i les goguettes, grupper på ikkje fleire enn 19 songinteresserte personar som i samsvar med fransk og belgiske tradisjon møtte kvarandre i festleg lag for å ete, drikke og synge songar saman. I 1883 tok han del i ein songkonkurranse som vart arrangert av den vidgjetne goguette Lice chansonnière og vann sylvmedalje for songen sin.

Eugène Pottier var med i kampane under kringsettinga av Paris i 1870 som medlem av nasjonalgarden, tok aktivt del i Pariskommunen ved å vere medlem av det folkevalde rådet som styrte Paris frå mars 1871, og vart valt til medlem for distriktet 2e arrondissement. Det var i tida med Pariskommunen at han skreiv diktet «L'Internationale» (Internasjonalen). Han vart vidgjeten for dette diktet fyrst eitt år etter at han døydde, i året 1888, då dette diktet vart tonesett av den belgiskfødde franske musikaren Pierre Degeyter (Pierre De Geyter på flamsk, den belgiske varianten av nederlandsk), busett i den nordaustfranske byen Lille.

I 1871 flykta han til England. Etter å ha vorte dømd til døden 17. mai 1873 av ein domstol i Paris utan at han var til stades under rettargangen, drog han i eksil til USA. Her organiserte han støtte til deporterte kommunardar, men slutta seg òg til frimurarane, deretter til det amerikanske sosialistiske arbeidarpartiet. Ruinert og halvt lamma, returnerte han til Frankrike etter at det var gjeve amnesti i 1880, og vart med i sosialistpartiet.