Internasjonalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førsteutgåva av Internasjonalen, «L’Internationale», frå 1888.

Internasjonalen er den kanskje mest kjende arbeidarsongen i verda, fordi han finst på mesta alle språk, og blir bruka av sosialistar, anarkistar og kommunistar i alle land.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Originalteksten er fransk, og skriven av Eugène Pottier. Pottier tok del i Pariskommunen i 1871, og måtte flykte frå Frankrike da denne blei slått ned med vald av den borgarlege regjeringa. Etter amnestiet i 1880 kunne han fare tilbake til heimlandet, der han straks melde seg inn i det nydanna sosialistpartiet. Pottier skreiv dikt, også politiske dikt. I ei samling av dei politiske dikta hans gitt ut i 1887, etter han døydde, finn vi den opphavlege teksten til Internasjonalen under tittelen «Chant du depart», 'Oppbrotssongen'.

Det som gjorde dette diktet til ein song, var at det fekk ein melodi, komponert av Pierre Degeyter, opphavleg frå Belgia. Han budde i den nordfranske byen Lille og var der medlem i eit arbeidarsongkor. Han blei oppfordra om å setje melodi til nokre av dikta i Pottier si diktsamling, og festa seg særleg ved 'Oppbrotssongen'. Natta til den 17. juni 1888 blei melodien skapt. Han blei urframført alt neste dag, på den folkelege kafeen «Liberté» (Fridom) i Lille. Så øvde arbeidarkoret inn songen og framførte han på ei større tilstelning, og sosialistpartiet i Lille prenta han som flygeblad, som så blei spreidd over heile landet. Oppbrotssongen var ein «hit».

På kongressen til den Andre Internasjonalen i Paris i 1900 blei Internasjonalen som songen no blei kalla sungen offisielt for første gongen. Før kongressen i København i 1910 hadde teksten blitt omsett til mange språk og fått stor symbolverdi i heile den internasjonale arbeidar- og sosialistrørsla.

Frå 1922 til 1944 var «Internasjonalen» elles bruka som «nasjonalsong» for Sovjetunionen.

Norske omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

«Internasjonalen» blei omsett til norsk bokmål i 1904, av Olav Kringen, den gongen redaktør i «Social-Demokraten», hovudorganet til Det norske Arbeidarpartiet. Han hadde vore utsending ved den Andre Internasjonalen sine kongressar i Paris i 1900 og Amsterdam i 1904, og hadde høyrt songen begge plassar. Den nynorske omsetjinga er av Ola Martinus Høgåsen.

Det er Kringen si omsetjing som mesta uendra blir bruka mest i Noreg den dag i dag, som oftast desse to versa:

Opp, alle jordens bundne trelle!
Opp, I som sulten knuget har.
Nu drønner det av rettens velde:
Til siste kamp der gjøres klar.
Alt det gamle vi med jorden jevner,
Opp, slaver, nu til frihet frem!
Vi intet var, men alt nu evner
Til rydning for vårt samfunns hjem.
Så samles vi på valen,
Seiren vet vi at vi får.
Og Internasjonalen
Skal få sin folkevår!
Arbeider, bonde, våre hære
De største er som stevner frem.
Vårt arvelodd skal jorden være,
Vi sammen bygge vil vårt hjem.
Som av rovdyr er vårt blod blitt suget,
Men endelig slår vi dem ned.
Og mørket, som så tungt oss knuget,
Gir plass for solens lys og fred.
Så samles vi på valen,
Seiren vet vi at vi får.
Og Internasjonalen
Skal få sin folkevår!

Men «Internasjonalen» finst og i nynorsk versjon, omsett av Ola Martinus Høgåsen:

Opp trælar alle no kring jorda!
Opp de som låg i naud og svolt!
Som elding lyser rettferdsorda,
det brest i band og slavebolt.
Rått og rote opp med rot vi river.
Opp trælar no or naud og skam!
Kring merkestonga tak vi triver:
Fram, kamerat! Til fridom fram!
Til samling då på valen!
Siger veit vi at vi får!
Og Internasjonalen
skal få sin folkevår.
Arbeidar! Bonde! Støe, sterke
vi stemner fram om det gjekk seint.
I brodden blakrar – sjå! – vårt merke!
Det manar oss så raudt og reint.
Eitt er merket, eitt er også målet!
Vi samla slår all urett ned,
og fengselsmørkret, mordarstålet
gir rom for broderskap og fred.
Til samling då på valen!
Siger veit vi at vi får!
Og Internasjonalen
skal få sin folkevår.

Etter han var omsett til norsk er Internasjonalen blitt sungen ved mange av arrangementa til arbeidarrørsla her i landet, særleg Første mai og ved landsmøta til dei sosialistiske partia og til fagforbunda i LO. Etter andre verdskrigen har likevel bruken av Internasjonalen variert noko i norsk arbeidarrørsle. Arbeidarpartiet bruka han ikkje på landsmøta sine i 1949 og 1953, og på LO-kongressane kom han ikkje tilbake før i 1973. Fleire av forbunda i LO har likevel bruka songen heile tida, og det same har Sosialistisk Folkeparti og etterkommaren Sosialistisk Venstreparti.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Internasjonalen ved Wikisource (fr).