Eurabia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Eurabia er ei nemning på det framtidige Europa ifylgje ein kvasivitskapleg og fascistisk prega teori som påstår at Europa vert absorbert av den arabiske verda og underlagt muslimsk leiarskap, religion og lovgjeving innan stutt tid som fylgje av at innvandringa frå muslimske land kjem til å gjere muslimane til dei talmessig dominerande ved at dei er meir fruktbare enn dei opphavlege innbuarane i Europa.

Eurabia-teorien er ein konspirasjonsteori som i stor mon byggjer på førestillingar om at det står løynde samansverjingar attom ei framtidig muslimsk overtaking av Europa, og at dagens europeiske elitar eigenleg går inn for dette ved å tillate eller godtake innvandring. Slik det mellom anna framgår av Anders Behring Breivik si grunngjeving for å gjere dei terroråtaka han gjorde 22. juli 2011Regjeringskvartalet i Oslo og på Arbeidaranes Ungdomsfylkings sumarleir på Utøya, har mange tilhengjarar av denne teorien som ein av sine premissar at europeiske elitar forråder det folket dei høyrer til. Sjølv om tilhengarar av teorien hevdar at saka gjeld religion, og ikkje rase, er det nettopp rase som vert brukt som markør i ordet, sistelekkjen viser til Arabia og arabarar, ikkje til islam.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sigve Indregard (redaktør): Motgift : akademisk respons på den nye høyreekstremismen. Oslo 2012: Cappelen Akademisk. ISBN 978-82-02-38170-7
  • Lars Gule: Ekstremismens kjennetegn : ansvar og motsvar. Oslo 2012:Spartacus. ISBN 978-82-430-0670-6
  • Øyvind Strømmen: Det mørke nettet – om høyreekstremisme, kontrajihadisme og terror i Europa. Cappelen Damm 2011 ISBN 9788202370275
  • Andreas Malm: Hatet mot Muslimer, Atlas 2008, ISBN 978-91-7389-349-7