Arbeidaranes Ungdomsfylking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF) er ungdomspartiet til Arbeidarpartiet. Med over 7000 medlemer er det det største ungdomspartiet i Noreg.

Fleire toppar i Arbeidarpartiet har vore leiarar i AUF, mellom anna Trond Giske, Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland. Leiaren i dag heiter Eskil Pedersen.

AUFs hovudsaker[endre | endre wikiteksten]

AUF har gjort seg politisk gjeldande på mange område. Ei av fanesakene er deira støtte til et fritt Palestina. Alt på landsmøtet i 1971 vedtok AUFs landsmøte ein resolusjon der det vert slått fast at «AUF vil støtte de krefter som kjemper for nasjonal og sosial frigjøring av det palestinske folk. Forutsetningen for varig fred må være at Israel opphører å eksistere som en jødisk stat, og at det opprettes en progressiv palestinsk stat.» AUF kjempar og mot kommersielle privatskular. Ei anna viktig sak er likestilling.

EU-saka[endre | endre wikiteksten]

Under debatten om medlemskap i EU i 1994 skilde partiet seg frå dei andre ungdomspartia då dei sette seg mot moderpartiet i saka, og sa nei til EU, medan Arbeidarpartiet sa ja.

AUF-skandalen[endre | endre wikiteksten]

Våren 1998 vart to framståande medlemmar av AUF, blant dei ein Stortingsrepresentant for AP, dømd til fengelsstraffer for omfattande juksing med medlemslister, for å motta urettmessig stor offentleg støtte. Dei to hevda at triksinga var ein etablert praksis som hadde pågått gjennom fleire tiår, også bland andre ungdomsparti og organisasjonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Politiske ungdomsparti i Noreg
Sosialistisk Ungdom Arbeidaranes Ungdomsfylking Senterungdommen Unge Venstre Kristeleg Folkepartis Ungdom Unge Høgre Framstegspartiet sin ungdom
Grøn Ungdom | Raud Ungdom | Norges Kommunistiske Ungdomsforbund | Liberalistisk Ungdom | Norsk Ungdom
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.