Niger-kongospråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser utbreiinga til niger-kongo-språka (merkt med gult).

Niger-kongospråka. eller den nigerkordofanske språkfamilien, er ein av verdas største språkfamiliar, og den største i Afrika, både målt etter geografisk område, talet på brukarar, og talet på ulike språk. Nesten alle dei store språka sør for Sahara høyrer til denne familien. Eit fellestrekk ved dei nigerkordofanske språka er nominalklassesystemet, eit system som av mange lingvistar blir sett på som eit genussystem.

Joseph Greenberg var den første som identifiserte den nigerkordofanske språkfamilien, som han kalla Niger-Congo, i ein serie av artiklar publisert mellom 1949 og 1954. Like før desse artiklane vart samla i bokform (The Languages of Africa) i 1963, endra han klassifiseringa si med å legge kordofansk til som ei eiga grein, og familien vart omdøypt til nigerkordofansk. Bennet og Sterk (1977) presenterte ei reklassifisering basert på leksikostatistikk som la grunnlaget for den viktige klassifiseringa i Bendor-Samuel 1989. Her vart kordofansk sett på som ei av fleire greiner, heller enn den eine greina i ei todeling av familien. Denne klassifiseringa har ført til at termen niger-kongo har vorte reintrodusert, og Ethnologue fører til dømes kordofansk opp som ei av mange greiner i niger-kongo-familiem.

Dei viktigaste underfamiliene i niger-kongofamilien er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Bennett, Patrick R. & Sterk, Jan P. (1977) 'South Central Niger-Congo: A reclassification'. Studies in African Linguistics, 8, 241–273.
  • Greenberg, Joseph H. (1963) The Languages of Africa. Indiana Univ. Press.
  • Bendor-Samuel, John & Rhonda L. Hartell (red.) (1989) The Niger-Congo Languages — A classification and description of Africa's largest language family. Lanham, Maryland: University Press of America.
  • Williamson, Kay & Blench, Roger (2000) 'Niger-Congo', i Heine, Bernd og Nurse, Derek (red.) African Languages - An Introduction. Cambridge: Cambridge University press, pp. 11—42.