Falklandskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Falklandskrigen
Falklandsmap san carlos landings.png
Falklandsøyane med landgangsstadene for den britiske gjenerobringa
Dato 2. april 1982 til 14. juni 1982
Stad Falklandsøyane
Resultat Britisk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Flag of the Falkland Islands.svg Falklandsøyane
Flag of Argentina.svg Argentina
Kommandantar
Det britiske flagget Margaret Thatcher
Det britiske flagget John Nott
Det britiske flagget Henry Leach
Flagget til Falklandsøyane Rex Hunt
Flagget til Argentina Leopoldo Galtieri
Flagget til Argentina Juan Lombardo
Tap
258 drepen,

777 skadd,
59 krigsfangar

649 drepen,

1 068 skadde,
11 313 krigsfangar

Falklandskrigen gjekk føre seg på Falklandsøyane i 1982, og varte i 72 dagar.

Ein argentinsk styrke på 8 000 mann med general Leopoldo Galtieri som øvstkommanderende invaderte Falklandsøyane 2. april utan forvarsel, og hadde ei lett oppgåva mot 1 800 sivilistar, 68 mann frå Royal Marines og 11 sjømenn. Bakgrunnen for åtaket var offisielt at den argentinske militærjuntaen, med general Galtieri i spissen, meinte at Spania hadde overlate Falklandsøyane til Argentina, og at øyane var ein del av riket som lausreiv seg i 1816.

Den 3. april vedtok SN eit krav om at alle argentinske troppar skulle trekkja seg ut og stoppa krigshandlingane. Argentina nekta, og Storbritannia valde så å gå til krig. To hangarskip, over hundre mindre skip og 27 000 mann sette kurs mot Falklandsøyane 5. april. Den første delen av krigen vart kjempa på og over sjøen. Då britane kom til land, rykte dei raskt framover mot Stanley. Etter at dei hadde omringa Stanley, overgav argentinarane seg til slutt 14. juni.

255 britar og 649 argentinarar fall under Falklandskrigen.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!