Falklandstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Falklandstraumen (Malvinasstraumen) er ein kald havstraum som flyt nordover langs kysten av Atlanterhavet utanfor Patagonia så langt nord som til munningen av Río de la Plata, der han møter den varme Brasilstraumen ved 35-40 ºS. Straumen følgjer vassrørsla frå Vestavindsstraumen når denne runda Kapp Horn og fører antarktiske isfjell nordover, stundom heilt nord til 35 ºS. Slik sett er han eit motstykke til Labradorstraumen i Nord-Atlanteren.

Straumen er kalla opp etter Falklandsøyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]