Sola kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sola kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1124
Fylke Rogaland
Adm.senter Solakrossen
Areal 68,9 km²
Folkemengd 24 579 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Ole Ueland (H)
Målform Nøytral
Nettstad www.sola.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1124.svg
Sola kommune på Commons
Sjå òg Sola (fleirtyding) for andre ting som heiter Sola

Sola er ein kommune i Rogaland fylke med 19 555 innbyggjarar pr. 1. januar 2004, 9 571 av desse bur i tettstaden Solakrossen. Andre tettstadar er Tananger (5 833), Hålandsmarka (604) og Stenebyen (643).

Ved inngangen til 1980 var folkemengda i kommunen 12 323.

Sola kommune tilsvarar det som frå 1840 heitte Sola sokn i Håland herad.

Det er sju valkrinsar i Sola kommune; Tananger, Sola, Håland, Dysjaland, Stangeland, Røyneberg og Grannes.

Stavanger lufthamn, Sola, Hovudredningssentralen for Sør-Noreg og Sola Flystasjon ligg i Sola kommune. I Risavika ligg eit stort hamneanlegg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Solastranda.

Sola kommune ligg nord på Jæren, ved Hafrsfjord. Kommunen grensar til Klepp kommune i sør, Sandnes kommune i aust og Stavanger kommune i aust og nord. I vest grensar kommunen til Nordsjøen.

I Sola finst mange fine sandstrender, mellom anna Solastranda. Høgaste punkt i kommunen er Kjerrberget (101 moh.).

Arealet er 69 km². Størstedelen er fruktbart sletteland. Jordbruksarealet er 41 km².

Øya Rott er kjend for sitt fugleliv. Her ligg det sørlegaste fugleværet i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sola kommune er rik på spor etter menneskeleg verksemd, frå steinalderen via bronsealderen, vikingtida og fram til i dag. Rike gravfunn, mange fornminne og spor etter store gardar fortel om ei stordomstid heilt attende til bronsealderen. Rægehaugane er det rikaste gravfunnet i Noreg frå bronsealderen.

Kjende namn frå vikingtida er Harald Hårfagre (om lag 865- om lag 933) og Erling Skjalgsson (fødd om lag 975). Begge er viktige i Noregssoga. Erling Skjalgsson er kalla Rygekongen eller Rygane sin konge. Ein kald ettermiddag før jul i 1028 vart han hoggen ned av Aslak Fitjaskalle si stridsøks.

Samlinga av Noreg til eitt rike skjedde truleg rett ved Ytraberget i Sola kommune. Slaget i Hafrsfjord stod i 872 eller nokre år etter det. Ein bautastein med kong Olav V sin signatur vart reist nær toppen av Ytraberget ved 1100-års jubiléet i 1972. Monumentet 'Sverd i fjell' av kunstnaren Fritz Røed vart avduka i 1983. Det ligg i Møllebukta (ved den delen av Hafrsfjord som høyrer til Stavanger kommune).

Sola Ruinkyrkje frå 1120-1150 er restaurert og vart gjenopna i 1995.

Alt på 1200-talet var Sola delt i tre sokn med kvar si kyrkje, ei på Håland, ei på Sola og ei på Tjora. Det var desse tre sokna som i 1840 vart slegne saman til eitt.

Det fyrste heradsstyret i Håland (då skrive Haaland) vart kalla saman i 1837 og valde losoldermann Gabriel Monsen til sin fyrste ordførar.

Den tidlegare kommunen Håland herad vart i 1930 delt mellom Sola og dåverande Madla kommune. Madla vart i 1965 slegen saman med Stavanger).

Museum[endre | endre wikiteksten]

Avis[endre | endre wikiteksten]

Solabladet er lokalavis for Sola. Regionavisa Stavanger Aftenblad har òg nyhende frå kommunen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sola kommune