Faringdon
|
Faringdon |
||
|---|---|---|
| Faringdon market place | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | Oxfordshire | |
| Distrikt | Vale of White Horse | |
| Geografi | ||
| Innbyggjarar - By (2001) |
6 187 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | SN7 | |
| Telefon-retningsnummer | 0 1367 | |
Faringdon er ein marknadsstad i Vale of White Horse, nær Thame-dalen i Sør-England. Sjølve tettstaden ligg mellom elva Themsen og Ridgeway i Oxfordshire.
I 2004 fekk Faringdon status som fairtrade-stad. Faringdon er også basen til Faringdon Gateway, som hjelper forretningar i Oxfordshire med utvikling og oppretthalding.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Namnet Faringdon tyder 'bregnedekt ås'. Kongane av Wessex og seinare England åtte eit palass lokalisert i Faringdon. Det har gått rykte om at ein av kongane døydde der, men det er truleg ikkje sant.
Vekemarknaden blei til allereie på 1200-talet, og er heldt ved like den dag i dag.
Under den engelske borgarkrigen vart Robert Pye halden som fange i sin eigen heim i Faringdon. Huset hans står den dag i dag i tettstaden, og det noverande huset blei bygd i 1750.
Transport [endre]
Bussar [endre]
Faringdon er forbunde til Wantage med vanlege bussruter. Reisa tar bortimot 30 minutt og går innom stadane som ligg i mellom. I 2007 var nyttinga av tilbodet så dårleg at ruta står i fare for å bli lagt ned. Faringdon er også bunde til Swindon og Oxford med vanlege bussruter.
Tog [endre]
I 1864 opna ei nærmare seks kilometer lang jernbanelinje mellom Faringdon og hovudlinja ved Uffington, finansiert av Faringdon Railway Company. Passasjertalet var størst i 1913, men etter at passasjertalet sokk dramatisk blei linja stengt i 1951.