Farther Along
| Farther Along Studioalbum av The Byrds |
||
| Utgjeve | 17. november 1971 | |
| Innspelt | 22. til 28. juli 1971, CBS Studios, London August 1971, Columbia Studios, Hollywood |
|
| Sjanger | Rock, countryrock | |
| Lengd | 32:02 | |
| Selskap | Columbia | |
| Produsent | The Byrds | |
| The Byrds-kronologi | ||
|---|---|---|
| Byrdmaniax (1971) |
Farther Along | Byrds (1972) |
Farther Along er det 11. albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i november 1971 på Columbia Records.[1] Albumet vart hovudsakleg spelt inn og produsert av bandet sjølv i London i England i løpet av fem intensive dagar i juli 1971.[2] Det kom raskt ut som ein reaksjon på det kommersielt mislukka Byrdmaniax, som kom ut før, og var eit forsøk på å gjenvinne respekten i musikkpressa.[3][4] På Byrdmaniax hadde produsent Terry Melcher på eige initiativ lagt på strykarar og blåsarar, utan samtykke frå bandet, og dette høvde seg ikkje i følgje dei fleste kritikarane.[3][4] Farther Along er derfor eit slags svar frå bandet på det overproduksjonen til Melcher, samt eit forsøk på å vise at dei kunne produsere eit album som var betre enn Byrdmaniax themselves.[3][4] Sidan albumet vart planlagt og spelt inn i all hast, vart Farther Along nok eit ujamnt album, som bandet sjølv ikkje var nøgd med. Dei klarte derfor ikkje å snu den dårlege trenden etter Byrdmaniax.[5]
Då albumet kom ut nådde det berre 152. plass på den amerikanske albumlista, og gjekk ikkje inn på listene i USA i det heile.[6][7] Ein singel frå albumet, «America's Great National Pastime», kom ut 29. november 1971, men gjekk ikkje inn på listene.[7][8] Farther Along, i lag med Dr. Byrds & Mr. Hyde, er dei to albuma som har lege kortast tid på den amerikanske albumlista av alle Byrds-albuma.[9]
Innhald [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Tiffany Queen» (Roger McGuinn) | 2:40 | |||||||
| 2. | «Get Down Your Line» (Gene Parsons) | 3:26 | |||||||
| 3. | «Farther Along» (trad. arr. Clarence White) | 2:57 | |||||||
| 4. | «B.B. Class Road» (Gene Parsons, Stuart Dawson) | 2:16 | |||||||
| 5. | «Bugler» (Larry Murray) | 3:06 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «America's Great National Pastime» (Skip Battin, Kim Fowley) | 2:57 | |||||||
| 7. | «Antique Sandy» (Roger McGuinn, Skip Battin, Gene Parsons, Clarence White, Jimmi Seiter) | 2:13 | |||||||
| 8. | «Precious Kate» (Skip Battin, Kim Fowley) | 2:59 | |||||||
| 9. | «So Fine» (Johnny Otis) | 2:36 | |||||||
| 10. | «Lazy Waters» (Bob Rafkin) | 3:32 | |||||||
| 11. | «Bristol Steam Convention Blues» (Gene Parsons, Clarence White) | 2:39 | |||||||
Medverkande [endre]
- The Byrds
- Roger McGuinn - gitar, vokal
- Clarence White - gitar, mandolin, vokal
- Skip Battin - elektrisk bass, piano, vokal
- Gene Parsons - trommer, gitar, munnspel, pedalsteelgitar, banjo, vokal
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Farther Along» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Rogan, Johnny, The Byrds: Timeless Flight Revisited, Rogan House, 1998, ISBN 0-95295-401-X
- Hjort, Christopher, So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973), Jawbone Press, 2008, ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 542–547. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 280–283. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 325–329. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Byrdmaniax». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. http://ebni.com/byrds/lpbmx.html. Henta 19. oktober 2010.
- ↑ Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 330–334. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 122. ISBN 0-89820-147-0.
- ↑ 7,0 7,1 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8.
- ↑ Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1.
- ↑ Fricke, David. (2000). Farther Along (2000 CD liner notes).