Vesenet fe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fe i eventyra)
Gå til: navigering, søk
Fea Berylune. Illustrasjon til operaen L'Oiseau Bleu frå 1800-talet.

Ei fe er ein overnaturleg kvinneskapnad med magiske evner. I norsk samanheng er gode og vonde feer særleg kjende frå europeiske eventyr som «Askepott» og «Tornerose». Feer kan gje magiske gåver, men også ta dei bort og kasta forbanningar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «fe» kjem opphavleg frå italiensk fata, 'skjebne', og er knytt til dei antikke skjebnegudinnene, kjende som fata på latin. Det avleidde franske ordet fée (i eintal) viser til ei trolldomskunnig kvinne eller kvinneliknande vesen, til dømes la Fée Morgane eller Morgan le Fay frå kong Artur-sogene. Fées i fleirtal kan derimot visa til alle slag underjordiske vesen, på same måte som engelsk fay eller fairy. Nyare førestillingar blanda saman desse tydingane, slik at moderne førestillingar om feer kan sjå dei som små kvinnelege alvar med vengjer, til dømes som Tingeling i Peter Pan-forteljingane frå byrjinga av 1900-talet.

I moderne populærkultur blir feer ofte framstilt med tryllestav og gammaldagse klede, særleg den kjegleforma hatten hennin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]