Tryllestav
Tryllestav er ein stav brukt i samband med magi og ritual i folkelege førestillingar, tradisjonar og litteratur. Tryllestavar kan mellom anna brukast av feer, hekser, trollmenn og tryllekunstnarar som underheld.
Stavane kan vera av tre, metall, stein eller bein. Den typiske tryllestaven i moderne tid er ein rett, nokså kort og tynn stav som er svart med lys tupp, men det finst også større stokkar og stavar i andre fargar.
Innhaldsliste |
Galleri[endre]
-
Maria Germanova som heks med tryllestav i Den blå fuglen av Maurice Maeterlinck.
Tryllestavar i Harry Potter-serien[endre]
I bok- og filmserien Harry Potter av J.K. Rowling er tryllestavar sentrale. Tryllestavar blir brukte til å leia magiske krefter, og er viktige for å utføra kontrollert magi. Stavane er laga av særskilde treslag som eik, hyll eller barlind og har eit magisk materiale i midten, som einhyrninghår, føniksfjører eller hjartesener frå drakar.
Dei fleste borna som skal byrje på kostskulen Galtvort, kjøper seg ein tryllestav på tryllestavbutikken Ollivanders. Alle tryllestavane er ulike og «det er staven som vel trollmannen, ikkje trollmannen som vel staven». Lengda på tryllestavane er vanlegvis frå ni til fjorten tommar, medan fleksibiliteten fortle kor tilpassingsdyktig og endringsvillig tryllestaven og leiaren er.
Treslag[endre]
Ein tryllestav frå Harry Potter-serien er bygd opp av ein type tre. Tretypane som brukast til tryllestavar er m.a.: Akasieslekta (Acacia), or, epletre, ask, asp, bøk, slåpetorn og hagtorn. Det er likevel dei færraste treslaga som kan brukast i tryllestavar. Det tar år med erfaring for å finne ut kva for tre som kan brukast til dette, men det er enklare å finne ut dersom det lever Bowtruckles der, ettersom dei aldri buset seg i kjedelege tre.
Kjerne[endre]
Kjernen til tryllestaven kan vere laga av til dømes hårstrå frå ein nøkk, men dei mest kjende typane er einhyrninghår, føniksfjører eller hjartesener frå drakar. Einhyrninghår gjev vanlegvis den mest konsekvente magien, og er minst utsett for svingingar og blokkeringar. Dei er også mest trufaste til leiaren sin. Føniksfjører er dei sjeldnaste kjernetypane medan drakehjartesener blir til dei mest kraftfulle.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Magical objects in Harry Potter» frå Wikipedia på engelsk, og «Wand» frå Wikipedia på engelsk den 19. mai 2012.
- www.pottermore.com: Wand Woods
- www.pottermore.com: Wand Cores
- www.pottermore.com: Wand Lengths & Flexibility
