Feltstyrke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Feltstyrke, er ein vektorstorleik som blir brukt for å angje storleik og retning av den krafta som virkar på ein lekam i eit kraftfelt. Krafta er lik feltstyrken multiplisert med ein eigenskap ved lekamen som svarar til feltet, til dømes i tyngdefeltet med massen, i eit elektrisk felt med ladninga, i eit magnetfelt med polstyrken.

Radioteknisk blir feltstyrke brukt som fysikalsk mål for signalstyrken på ein stad i det elektromagnetiske strålingsfeltet frå ein radio- eller fjernsynssender. Feltstyrken angjev effektivverdien av den elektriske feltkomponenten i strålingsfeltet, og blir målt i volt/meter (eller avleidde einingar). For god lokal kringkastingsmottaking bør feltstyrken vere minst 1000 mikrovolt/meter. Feltstyrken er ikkje alltid konstant. På stor avstand frå ein sendar kan feltstyrken variere sterkt pga endringar i refleksjonen frå dei ioniserte laga i den øvre delen av atmosfæren (sjå fading).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Feltstyrke: fysikk. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/feltstyrke/fysikk.