Fermi Gamma-ray Space Telescope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning av Fermi-teleskopet
Oppskytinga av Fermi-teleskopet

Fermi Gamma-ray Space Telescope (før oppskyting kalla Gamma-ray Large Area Space Telescope (GLAST)[1]) er eit NASA-romobservatorium skote opp 11. juni 2008. Teleskopet skal studera universet i gammastråledelen av det elektromagnetiske spektrumet. Telskopet blei etter oppskytinga døypt på nytt og namnsett etter professor Enrico Fermi, ein italiensk pioner innan høgenergifysikk.[1]

Ferdmål[endre | endre wikiteksten]

Som ferdmål har observatoriumet mellom anna:[2]

  1. å utforska dei mest ekstreme omgjevnadane i universet der det finst energiar langt høgare enn det som er mogleg på jorda
  2. søkja etter teikn på nye fysikklover og finna ut kva den mørke materien er samansett av
  3. forklara korleis svarte hòl akselererer kraftige jetstråler av materie mest opp til lysfarten
  4. løysa gåtene rundt dei enormt kraftige eksplosjonane kalla gammaglimt
  5. svara på eldre spørsmål over eit breitt spekter av emne, inkludert solstormar, pulsarar og opphavet til kosmisk stråling

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «NASA Renames Observatory for Fermi, Reveals Entire Gamma-Ray Sky» - NASA-pressemelding 26. august 2008. Vitja 28. august 2008.
  2. «Science Info» - oversikt over dei vitskaplege måla til teleskopet på den offisielle heimesida. Vitja 28. august 2008.