Fermo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fermo
Fermo sett frå Montegiorgio
Fermo sett frå Montegiorgio
Byvåpenet til Fermo
Byvåpenet til Fermo


Plassering
Fermo is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Marche
Fermo
Grunnlagd 264 fvt.
Borgarmeister Saturnino Di Ruscio
Geografi
Flatevidd
 - By

124 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik

35 418
  286/km²
Koordinatar 43°9′″N 13°42′″EKoordinatar: 43°9′″N 13°42′″E
Høgd over havet 319 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 63023
Telefon-retningsnummer 0734
Nettstad: www.fermo.net

Fermo (antikken Firmum Picenum) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Fermo i regionen Marche og har om lag 35 000 innbyggjarar. Provinsen Fermo vart oppretta i 2004, men trer ikkje i full kraft før i 2009 og fram til dess er byen administrativt ein del av provinsen Ascoli Piceno.

Fermo ligg på ein ås med fin utsikt nær kysten av Adriahavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd som den latinske kolonien Firmum Picenum i 264 fvt. og bestod av 6000 menneske. Dette skjedde etter at dei hadde erobra picentes og kolonien fungerte som eit lokale hovudkvarter for Den romerske republikken, som dei var trufaste mot. Han vart ein koloni med alle rettar etter slaget ved Filippi og der vegane til Pausulae, Urbs Salvia og Asculum møtter kvarandre.

Som ein del av Pentapolis kom han på 700-talet inn under Kyrkjestaten og gjennomgjekk så omvekslingane med Grenseområdet Ancona. På 900-talet vart han hovudstad i Marchia Firenana. Under føregjengarane til Honorius III (1216-27) vart biskopane av byen fyrstbiskopar, først som grevar og seinare som fyrstar av Fermo.

I 1199 vart Fermo ein fri by og haldt på sjølvstendet sitt til 1550 då han vart annektert av Kyrkjestaten.

I stridane mellom Hohenstaufen og pavedømet vart Fermo fleire gonger omleira og erobra, i 1176 av erkebiskop Kristian av Mainz, i 1192 av keisar Henrik VI, i 1208 av Marcuald, hertug av Ravenna, i 1241 av keisar Fredrik II, i 1245 av Manfred. Etter dette vart han styrat av forskjellige herrar, som i meir eller mindre grad var vassallar under paven, som Monteverdi-familien, Giovanni Visconti og Francesco Storza (bannlyst i 1446), Oliverotto Uffreducci (myrda i 1503 av Cæsar Borgia), som vart etterfølgd av son sin Ludovico, som vart drepen i slaget ved Monto Giorgio i 1520 då Fermo igjen kom direkte under Kyrkjestaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]