Fernão de Magalhães

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fernão de Magalhães (14801521)

Fernão de Magalhães (òg kalla Ferdinand Magellan eller Fernando de Magellan) (fødd våren 1480 i Sabrosa, Vila Real i Portugal, død 27. april, 1521 ved Mactan på Filippinane) var ein portugisisk oppdagar som segla for Spania. Han var den fyrste som segla frå Europa til Asia vestvegen. Han var den fyrste europearen som såg Stillehavet og det var han som gav havet namnet sitt.

Magalhães sin store ekspedisjon var den fyrste verdsomseglinga, frå Spania 20. september 1519, via Kapp Horn, kryssa Stillehavet og tok ein pause på Filippinane. På Filippinane blanda han seg inn i ein lokal feide og vart drepen av høvding Lapu-Lapu sine krigarar i strandområdet ved øya Mactan, men mannskapet heldt fram reisa hans og kom heim til Spania den 6. september 1522.