Filchner-Ronne-isen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 79°00′S 40°00′W
Filchner-Ronne-isen
isbrem
none  Kalving frå A-38 frå Ronneisen.
Kalving frå A-38 frå Ronneisen.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Weddellhavet
 - koordinatar 79°00′S 40°00′W
Areal 430 000 km²
Administrert under Antarktistraktaten
Filchner-Ronne-isen is located in Antarktis
Filchner-Ronne-isen (Antarktis)

Filchner-Ronne-isen, òg kalla Ronne-Filchner-isen er isbrem i Antarktis på grensa til Weddellhavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

A38-B-isfjellet deler seg.
██ Fishner-Ronne isbrem i blått i lag med andre isbremmar.
Rask oppbryting av havis langs Ronne-Filchnerisen.
Somme isbremmar i Antarktis.

Sjøsida av Filchner-Ronne isbrem er delt inn i ein austleg (Filchner) del av Berkner Island. Heile isbremmen dekkjer kring 430 000 km², og er den nest største isbremmen i Antarktis, etter Rossisen. Han får istilførsel frå den kontinentale iskappa. Frå tid til tid, når skjerstress overgår styrken til isen, oppstår det sprekker og store isfjell kalvar frå isbremmen.

Rønneisen er den største og den vestlege delen av Filchner-Ronne-isen. Han grensar i vest til foten av Den antarktiske halvøya (Graham Land med Zumberge Coast og Orville Coast) og Ellsworth Land. Offiser Finn Rønne, leiaren for Ronne Antarctic Research Expedition (RARE) i 1947-48, oppdaga og fotografert ei stripe langs heile den nordlege delen av denne isbremmen under to flyturar i november og desember 1947. Han namngav bremme «Lassiter Shelf Ice» og gav landområdet han meinte låg innafor namnet «Queen Elizabeth Land». I 1957-58 under Det internasjonale geofysiske året vitja ei gruppe ved Ellsworth-basen, då under kaptein Ronne, isbremmen og fann ut at han var større enn tidlegare kartlagd, og at han strekte seg langt sørover. Sidan namnet til kaptein James Lassiter hadde blitt brukt om ein kyst i Palmer Land, godtok Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) namnet Ronne Ice Shelf for denne store isbremmen.

Filchnerisen er den austlege delen av Filchner-Ronne-isen. Han grensar i vest til Berkner Island og i aust til Coats Land. Den austlege delen av denne isbremmen vart oppdaga i januar–februar 1912 av Den tyske antarktisekspedisjonen under Wilhelm Filchner. Filchner namngav isen etter Kaiser Wilhelm, men keisaren bad om at isen skulle kallast opp etter oppdagaren. Isen får hovudsakleg istilførsel frå Slessorbreen, Recoverybreen og Support Force-breen, alle ligg aust for Berkner Island.

Nedbryting[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1998 braut isfjellet A-38 av utafor Filchner-Ronne-isen. Det hadde ein storleik på kring 150 gonger 50 km og var dermed større enn delstaten Delaware. Det braut seinare opp i tre delar. Eit isfjell med om lag same storleik kalva i mai 2000. Det målte 167 gonger 32 km og vart kalla A-43. Ein trur at denne isen vart observert i november 2006 frå kysten av SørøyaNew Zealand, den første gongen ein hadde sett isfjell frå det newzealandske fastlandet sidan 1931. Ei gruppe små isfjell vart sett utafor søraustkysten av øya, og eit av dei dreiv nær nok til at det var synleg frå åsane oppom byen Dunedin. Om desse faktisk var restane av kalvinga, så har dei reist kring 13 500 km i løpet av 5,5 år.[1]

Frå 12. januar til 28. oktober 2012 braut eit område som var større enn delstaten Rhode Island av frå Ronne-Filchnerisen og delte seg i mange mindre bitar. Moderate-Resolution Imaging Spectroradiometer (MODIS) tok bilete av hendinga.[2]

Isen i Filchner-Ronne-isen kan vere så tjukk som 600 m og vatnet under er kring 1400 m på det djupaste.

Det internasjonale Filchner-Ronne Ice Shelf Programme (FRISP) vart sett i gang i 1973 for å studere isbremmen.[3]

Ein studie publisert i Nature i 2012 av forskarar frå Alfred Wegener Institute for Polar and Marine Research i Tyskland, og finansiert av Ice2Sea-intiativet, har føresett at den 450 000 km² store isbremmen i Antarktis kjem til å forsvinne mot slutten av hundreåret og utgjere ein auke i havnivået på 4,4 mm kvart år fram til den tid.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Filchner-Ronne-isen

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Filchner Ice Shelf» (innhald frå Geographic Names Information System).