Forsteining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forsteining eller petrifikasjon er ein prosess der organisk materiale vert omvandla til stein gjennom at det originale materiale og fyllingane mellom dei vert erstatta av mineral. Forsteina tre er eit vanleg resultat av denne prosessen, men alle organismar, frå bakteriar til virveldyr, kan forsteinast. Forsteininga skjer i ein kombinasjon av to liknande prosessar: permineralisering og erstatning. Desse prosessane skapar kopiar av det originale eksemplaret ned til mikroskopisk nivå.

Permineralisering skjer når grunnvatnet inneheld oppløyste mineral og fyller porer og tomrom i eksemplaret, særleg bein, skjel og tre.[1] To typar permineralisering er silisifisering og pyritisering.

Silisifisering eller silifisering er ein prosess der til dømes mineral eller fossil blir erstatta av silika i form av kvarts, kalsedon eller opal. Døme er silifisert eller forsteina tre og såkalla tigerauge. Pyritisering er ein prosess som minnar om silisifisering, men i staden for silika er det jern og svovel som fyller porene i organismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Perkins, Rogers. «Fossilization: How Do Fossils Form». Fossil Museum. http://www.fossilmuseum.net/fossilrecord/fossilization/fossilization.htm. Henta Feb 15 2012.