Friedrich Gottlieb Klopstock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Gottlieb Klopstock

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 2. juli 1724
Quedlinburg
Død

14. mars 1803 (78 år)
Hamburg

Yrke lyrikar, skodespelforfattar, skribent, lingvist, privatlærer
Sjanger heksameter, skodespel
Medlem av Emkendorfkretsen, Académie des inscriptions et belles-lettres
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Gottlieb Heinrich Klopstock
Mor Anna Maria Klopstock
Ektefelle Margareta Klopstock, Johanna Elisabeth Klopstock
Signatur
Friedrich Gottlieb Klopstock på Commons

Friedrich Gottlieb Klopstock (2. juli 172414. mars 1803) var ein av dei viktigaste diktarane i tysk litteraturhistorie, og ein sentral figur blant intelligentsiaen i si samtid. Som tilhengar av den franske revolusjonen blei han utnemnd til æresborgar av den franske republikken i 1792.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fødestaden til Klopstock i Quedlinburg.

Friedrich Gottlieb Klopstock var fødd i Quedlinburg som eldstesonen til ein advokat.[1] Han fekk djupe religiøse inntrykk frå foreldreheimen, og dei fordjupa seg under gymnastida hans i Schulpforta i Kurfyrstedømmet Sachsen i åra 1739-45. Dei klassiske språkstudiane der egga også den litterære ambisjonen hans.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Med inspirasjon frå det episke diktet Paradise lost av John Milton bestemte Klopstock seg for å skriva eit religiøst epos om det høgaste emnet ein kristen poet kunne tenka seg, Messias.

Han byrja på den fyrste prosaskissa til Messias medan han studerte teologi i Jena. Allereie året etter, då han hadde flytta til det tyske litteratursenteret Leipzig, valde han i bevisst opposisjon mot fransk smak heksameteret som den verdigaste forma for diktet sitt. Dei tre fyrste songane blei gjevne ut i 1748 i tidsskriftet Bremer Beiträge, og vekte straks oppsikt. Den kjende kritikaren Johann Jakob Bodmer, som hadde omsett Paradise lost, inviterte han til å vitja seg i Zürich.[1]

Inspirert av den storslåtte sveitsiske naturen her skreiv Klopstock ei rekkje oder, som viser framover mot ein ny epoke i den tyske litteraturen. Ryktet hans spreidde seg, og då kong Fredrik V av Danmark gjennom J.H.E. Bernstorff tilbaud han 400 thaler i året så han kunne fullføra Messias, flytta han i 1751 til København. Der blei han verande til 1771, med unntak av eit avbrot i perioden 1758-63.[2] Under reisa til København, i Hamburg, møtte Klopstock den komande kona si, Margareta «Meta» Moller. Ho var ein stor beundrar av poesien hans, og han kalla henne «Cidli» i odene sine. Ho døydde allereie i 1758, og etterlet han i stor sorg.[1]

Messias var fyrst ferdig i 1773. Ved sidan av Oden (1771) danna det grunnlaget for ryet til Klopstock. Det breie publikummet, som lik forfattaren hadde vakse opp med pietismen, las Messias meir som ei religiøs oppbyggande bok. Den litterære danna klassen blei òg gripen av den formelle djervskapen, den patetiske tonen og den biletrike, men lite konkrete tonen.

Interessa for Klopstock spreidde seg også utanfor Tyskland. I Sverige påverka han Thomas Thorild og Bengt Lidner.[3]

Klopstock fekk òg stor tyding for den litterære utviklinga med sin «bardpoesi», det vil seia oder og drama som lovpriste den germanske krafta. Formelt står desse verka, som mellom anna freista å erstatta klassisk mytologi med ein germanisert nordisk under innverknad frå James Macpherson og det påstått eldgamle Ossian-diktet hans. Ved sjølvkjensla si og sin høge oppfattinga om diktarkallet, som mellom anna blei lagt fram i Die deutsche Gelehrtenrepublik (1784), bidrog Klopstock mykje til å gje diktarar høgare akt i samfunnet.

Blant dei mange utgåvene av verka til Klopstock kan nemnast eit praktopplag i sju band (1798-1809) og Sämmtliche Werke i 21 bind (1823-39).[3]

Klopstock flytta seinare til Hamburg. Han var fyrst ein tilhengar av den franske revolusjonen, og i 1792 blei han utnemnd til æresborgar i den franske republikken. Klopstock var sterkt imot brutaliteten som hadde utvikla seg under revolusjonen, og sendte æressertifikatet tilbake.[1]

Då han var 67 år gifta han seg opp att, med enkja Johanna Elisabeth von Winthem, ei niese av den avdøde fyrste kona hans og ein mangeårig nær venn. Han døydde i Hamburg i 1803, til landesorg, og blei gravlagd med stor seremoni ved sida av den fyrste kona si i kyrkjegarden i landsbyen Ottensen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4  Ein eller fleire av dei føregåande setningane inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eigeChisholm, Hugh, red. (1911). «Klopstock, Gottlieb Friedrich». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 15 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 847–848. 
  2. Bohnen, Klaus: «Friedrich Gottlieb Klopstock» i Den Store Danske på lex.dk. Henta 21. september 2021
  3. 3,0 3,1 Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 15, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1933, s. 576-78.