Friedrich Wöhler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Friedrich Wöhler

Friedrich Wöhler (fødd 31. juli 1800 i Eschersheim (Frankfurt am Main), død 23. september 1882) var ein tysk kjemikar, mest kjent for syntesen sin av urea (urinstoff) 1828. Dette var det første organiske stoffet som vart laga syntetisk frå heilt ikkje-organiske utgangsstoff. Dette førte til at ein gjekk bort frå teorien om at ein trong ei særleg «livskraft» (vitalitetsprinsippet) for å skape karbonsambindingar. Wöhler var òg først til å isolere mange av grunnstoffa.

Wöhler vart fødd i Eschersheim, i dag eit distrikt i Frankfurt am Main. I 1823 avslutta Wöhler medisinstudiane sine i Heidelberg ved laboratoriet i Leopold Gmelin som arrangerte eit høve for Wöhler å arbeide hos Jöns Jakob Berzelius i Stockholm. Frå 1825 til 1831 var Wöhler lærar ved yrkesskulen i Berlin, frå 1828 med tittelen professor. Frå 1831 til 1836 var han professor ved den høgare yrkesskulen (Polytechnikum) i Kassel. Etter Friedrich Stromeyer døydde i 1835 vart Wöhler i 1836 etterfølgjaren hans i professoratet i medisin, kjemi og farmasi ved Universitetet i Göttingen og arbeidde der til han døydde i 1882.

Wöhler var medlem av Vitskapsakademiet i Göttingen og vart i 1834 innvalt som utanlandsk medlem av den svensken Kungliga Vetenskapsakademien.

Priser og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Friedrich Wöhler