Fuxin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Fuxin (gul) i Liaoning

Fuxin (kinesisk: 阜新; pinyin: Fùxīn) er eit kinesisk byprefektur nordvest i provinsen Liaoning i Kina, ved grensa mot Indre Mongolia. Byprefekturet har eit areal på 10 445 km² og hadde vel 1, 9 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Fuxin omfattar fem distrikt (区 ), eitt fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Gruveindustri og landbruk er hovudnæringar i Fuxin. Viktigaste minerala er kol og agat, over 90% av agat-produkta i Kina kjem frå Fuxin. Kolreservane er derimot i sterk tilbakegang.

Kinas riksveg 202 går gjennom området. Han tek til i Beijing og går til Shenyang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]