Liaoning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liaonings plassering i Kina

Liaoning (kinesisk 辽宁; pinyin Liáoníng) er ein provins nordaust i Folkerepublikken Kina. Provinsen omfattar mellom anna Liaodonghalvøya og det fruktbare slettelandet rundt dei nedre delane av elva Liao He. Provinshovudstaden er Shenyang.

Liaoning er det mest industrialiserte området i Kina med omfattande felt for kol, råolje og naturgass. Andre næringar er jordbruk (mais, soyabønner og frukt) og fiske.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Liaoning kan delast i tre ulike geografiske regionar. I vest er det eit høgland, i midtdelen er det sletter, og i aust åsar. Høglandet i vest er prega Nulu'erhufjella, som grovt sett følgjer grensa mellom Liaoning og Indre Mongolia. Heile området er dominert av låge høgdedrag. Dei midtre delane av Liaoning består av nedslagsfelta til elvar som Liao, Daliao og sidelevane til desse. Heile området er hovudsak flatt og lågtliggande. Austdelen av Liaoning er dominert av fjellkjedene Changbai Shan og Qianshan, som held fram mot havet over Liaodonghalvøya. Høgste fjelltoppen i Liaoning, 1 336 meter høge Huabozi ligg i dette området.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Liaoning har eit kontinentalt klima med monsuntid. Årleg nedbørsmengd ligg i gjennomsnitt på frå 440 til 1 130 mm. Sommaren er regnfull, medan dei andre årstidene er tørre.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Befolkninga i Liaoning er i hovudsak hankinesarar. Minoritetsbefolkninga består av mandsjuar, mongolar, huifolk, koreanarar og xibe.

Folkegrupper i Liaoning, folketeljing 2000
Nasjonalitet Folketal Prosentar
hankinesarar 35 105 991 83,94%
mandsjuar 5 385 287 12,88%
mongolar 669 972 1,60%
hui 264 407 0,632%
koreanarar 241 052 0,576%
xibe 132 615 0,317%

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Liaoning er ein av dei mest industrialiserte provinsane i Kina. Saman med byar som Beijing og Tianjin er Liaoning med i det økonomiske vekstområdet som ligg ved Bohaibukta og på Liaohesletta. Særleg dei fem byane Shenyang, Anshan, Fushun, Benxi og Liaoyang nyt godt av å vere omfatta av dei statlege investeringane i området.

Jordbruket er mykje mekanisert, samanlikna med resten av Kina. Ein stor del av landbruksproduksjonen finn stad i bynære strok. Dyrking av kornsortar som mais, ris og kveite skjer i hovudsak på den sentrale Liaohesletta. Soyabønner er det tradisjonelle jordbruksproduktet, størstedelen vert avla nord for Shenyang. Dei viktigaste salsprodukta er jordnøtter, solsikker, tobakk, sukkerbetar, grønsaker, frukt og bomull. På sørsida av Liaodonghalvøya og i åsane i vest vert det dyrka mykje frukt, så som eple og pærer. Langs kysten driv ein storstilt fiske og fiskeoppdrett. Dalian har mykje fiskeindustri.

Liaoning har store mineralførekomstar, noko som var viktigaste føresetnaden for at provinsen vart eit senter for tungindustrien i Kina. Provinsen har 1/4 av Kinas jarnmalmreservar og dei største førekomstane av magnesium, dessutan store reservar av kol og råolje frå oljeskifer. Ved Fushun er det store kolfelt. Anshan har det største jarn- og stålverket i heile Kina. I Shenyang smeltar ein kopar, bly og sink. Dashiqiao har den største magnesittgruva i Kina, og Yangjiazhangzi har dei største molybdenreservane. Maskinindustrien er omfattande; Shenyang vert rekna som det fjerde største maskinindustrielle senteret i Kina, etter Beijing, Tianjin og Shanghai. Dyrkinga av bomull og silke er basis for stor tekstilproduksjon. Provinsen er ein av dei største produsentane av kjemiske fibrar og papirprodukt i Kina.

Tungindustrien fekk store vanskar då Kina la om til marknadsøkonomi i 1980- og 1990-åra. Shenyang har, med hjelp frå FN sitt utviklingsprogram (UNDP) og særtiltak frå styresmaktene i Beijing, modernisert næringsstrukturen og utdanningsinstitusjonane. Byen har gjennom desse åtgjerdene atter vorte eit viktig økonomisk senter for Nordaust-Asia.

Samferdsla er velutvikla i forhold til landet elles, mellom anna med eit finmaska nett av jarnbanar. Dalian er ei av dei største utskipingshamnene i Kina og tener heile Nordaust-Kina.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Liaoning er delt inn i 14 einingar på prefekturnivå (2 subprovinsielle byar og 12 byprefektur).

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrativt sentrum Type
Liaoning prfc map.png
1 Shenyang 沈阳市 Shěnyáng Shì Shenhe Subprovinsiell by
2 Dalian 大连市 Dàlián Shì Xigang Subprovinsiell by
3 Anshan 鞍山市 Ānshān Shì Tiedong Byprefektur
4 Benxi 本溪市 Běnxī Shì Pingshan Byprefektur
5 Chaoyang 朝阳市 Cháoyáng Shì Shuangta Byprefektur
6 Dandong 丹东市 Dāndōng Shì Zhenxing Byprefektur
7 Fushun 抚顺市 Fǔshùn Shì Shuncheng Byprefektur
8 Fuxin 阜新市 Fùxīn Shì Haizhou Byprefektur
9 Huludao 葫芦岛市 Húludǎo Shì Longgang Byprefektur
10 Jinzhou 锦州市 Jǐnzhōu Shì Taihe Byprefektur
11 Liaoyang 辽阳市 Liáoyáng Shì Baita Byprefektur
12 Panjin 盘锦市 Pánjǐn Shì Xinglongtai Byprefektur
13 Tieling 铁岭市 Tiělǐng Shì Yinzhou Byprefektur
14 Yingkou 营口市 Yíngkǒu shì Zhanqian Byprefektur

Desse 14 einingane på prefekturnivå er delt inn i 100 einingar på fylkesnivå (56 distrikt, 17 byfylke, 19 fylke og 8 sjølvstyrande fylke).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Både Qin- og Han-dynastia klarte å utvide området dei styrte over mykje av det som i dag er Liaoning. Seinare blei området styrt av myndigheiter xianbei-, goguryeo-, khitan og jursjenfolka.

Tidleg på 1600-talet etablerte mandsjuane hovudstaden sin i Shengjing (dagens Shenyang), men i 1644 flytta dei hovudstaden for Qing-dynastiet sitt til Beijing etter å ha teke byen. Mot slutten av 1600-talet rekrutterte Qing-keisarane ein stor mengde hankinesarar frå Shandong til å slå seg ned i det nokså tynt folkesette Liaoning. Resten av Mandsjuria var stengt for kinesisk innvandring og blei styrt av tre generalar. Generalen av Shengjing, regjerte over store delar av dagens Liaoning.

På 1900-talet blei provinsen Fengtian (kin. 奉天, pinyin Fèngtiān) etablert. Denne tilsvarte nesten noverande Liaoning. Mange av slaga under den russisk-japanske krigen 1904–1905 blei utkjempa i Liaoning, som det viktige Slaget ved Port Arthur og Slaget ved Mukden, det største militære slaget på landjorda gjennom tidene. Under krigsherretida tidleg på 1900-talet var Liaoning styrt av Fengtian-klikken, med leiarane Zhang Zuolin og sonen hans Zhang Xueliang. I 1931 invaderte Japan, og området blei del av deira marionettstat Manchukuo. Den kinesiske borgarkrigen blussa opp etter det japanske nederlaget, og dei første viktige samanstøytane var under Liaoshenkampanjen i og rundt Liaoning.

Dalian akvarium.

Folkerepublikken Kina blei grunnlagd i 1949, fanst ikkje Liaoning. Istaden hadde ein provinsane Liaodong og Liaoxiog byane Shenyang, Luda, Anshan, Fushun og Benxi som administrative einingar. Alle desse blei slått saman til «Liaoning» i 1954, og delar av den tidlegare provinsen Rehe blei slutta til han i 1955. Under Kulturrevolusjonen blei også delar av den autonome regionen Indre Mongolia tilføydd Liaoning, men dette blei seinare gjort om.

Liaoning var ein av de første kinesiske provinsane til å bli industrialisert. Det skjedde under den japanske okkupasjonen, men blei vidareført i 1950- og 1960-åra. Byen Anshan blei til det største komplekset for jern- og stålindustri i heile Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]