Göran Tunström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Göran Tunström (14. mai 19475. februar 2000) (fødd i Karlstad, død i Stockholm) var ein svensk forfattar.

Han voks opp på den vesle staden Sunne i Värmland der far hans var prest. Faren døydde allereide då Göran Tunström var 12 år gamal, og familien flytta då frå prestegarden til eit lite husvære. Tapet av faren vart eit sentralt tema i forfattarskapet. Mesteparten av romanane hans har utgangspunkt i, eller foregår i Sunne, så det var fort å kategorisera han som ein heimstaddiktar, men då det store gjennombrotet hans kom med Juloratoriet (1983), etterfølgd av Tjuven (1986), fall i staden Sunne på plass som eit Macondo i ein magisk realisme. Juloratoriet vart filmatisert i 1996, regi: Kjell-Åke Andersson. Bøkene hans er omsett til mange språk og han er ein velkjend forfattar også utanfor Sverige og Norden, kanskje særleg i Tyskland.

Triva[endre | endre wikiteksten]

  • Han brukte psevdonymet Paul Badura Mörk då han skreiv kriminalromanen Hallonfallet.
  • Ifølgje Leonard Cohen har forfattaren Axel Jensen fortalt at figuren Lorenzo i romanen Joacim (1961) er bygd på Tunström.
  • Han ligg gravlagd på kyrkjegarden i Sunne, like ved prestegarden der han voks opp.
  • Föreningen Värmlandslitteratur feirar Göran Tunström-dagen kvart år på fødselsdagen hans den 14. mai.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1958 Inringning, dikt
  • 1960 Två vindar, dikt
  • 1961 Karantän, roman
  • 1962 Nymålat, dikt
  • 1962 Maskrosbollen, roman
  • 1964 Familjeliv, roman
  • 1965 Om förtröstan, dikt
  • 1966 De andra de till hälften synliga, dikt
  • 1967 Hallonfallet
  • 1969 Samtal med marken, dikt
  • 1973 De heliga geograferna, roman
På norsk:
1995 De hellige geografene, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1975 Svartsjukans sånger, dikt
  • 1975 Stormunnens bön, roman
  • 1975 Guddöttrarna, roman
På norsk:
2002 Guddøtrene, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1976 Sandro Botticellis, dikt
  • 1976 Prästungen, roman
På norsk:
1991 Prestungen, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1978 Dikter till Lena, dikt
  • 1979 Ökenbrevet, roman
På norsk:
1987 Ørkenbrevet, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1980 Sorgesånger, dikt
  • 1983 Juloratoriet, roman
På norsk:
1984 Juleoratoriet, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1984 Indien - en vinterresa, reiseskildringar
På norsk:
1989 India - en vinterreise, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1986 Tjuven, roman
På norsk:
1986 Tyven, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1987 Chang Eng, samling dramatikk
  • 1991 Det sanna livet, novellesamling
På norsk:
1992 Det sanne livet, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
På norsk:
1994 Ventetid, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1996 Skimmer, roman
På norsk:
1997 Skimmer, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1996 En prosaist i New York
På norsk:
2000 En prosaist i New York, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)
  • 1998 Berömda män som varit i Sunne, roman
På norsk:
1999 Berømte menn som har vært i Sunne, omsett av Per Qvale (J.W. Cappelens Forlag, Oslo)

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]