Magisk realisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Magisk realisme er ei nemning om litteratur, særleg latinamerikansk litteratur, der forfattarane kombinerer realistiske og fantastiske element for å skildra røyndommen. Termen er også blitt brukt om biletkunst knytt til surrealismen.

Nemninga «magisk realisme» blei først brukt i 1920-åra av Franz Roh og G.F. Hartlaub for ei retning innan Neue Sachlichkeit i målerkunsten, som tilførte dei realistisk attgjevne tinga eit uverkeleg skjer ved hjelp av belysingseffektar og illusjonistisk perspektiv. På 1940- og 1950-talet blei det brukt om dei (hyper)-realistiske verka til amerikanske målarar som Ivan Albright, Paul Cadmus, George Tooker og andre.

Latinamerikanske forfattarar, som ofte hadde band med dei europeiske kultursentra, blei kjende med termen til Roh og tok han i bruk. Jorge Luis Borges førte an med sitt første verk innan retninga, Historia universal de la infamia, i 1935. På 1940-talet fekk magisk realisme ei stordomstid i Sør-Amerika, særleg i Argentina. Fleire kjende latinamerikanske representantar for litteraturretninga er mellom anna M.A. Asturias, Gabriel García Márquez og Isabel Allende. Andre forfattarar som har skrive innan eller i nærleiken av denne retninga er Franz Kafka, Günter Grass og Salman Rushdie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«magisk realisme. – litteratur» i Store norske leksikon, snl.no. «magisk realisme. – kunstretning» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne kunstartikkelen som har med litteratur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.