Karlstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karlstads byvåpen

Karlstad er ein by i Sverige. Byen ligg på nordsida av Vänern, på eit delta skapa av Klaraelva. Byen ligg i det svenske landskapet Värmland. Byen er administrasjonsstad for kommunen Karlstads kommun, for länet Värmlands län og for Karlstads stift.

Karlstad blei grunnlagt av Karl IX i 1584. I 1865 brann store delar av dei sentrale delane av byen ned. Etter brannen laga ein eit nytt gatesystem som har gjeve byen den utsjånaden den har i dag. I 1905 føregjekk forhandlingane mellom den norske og svenske regjeringa om sjølvstendet til Noreg (Karlstad-forhandlingene). Dette skjedde i Frimurarlosjen i byen som ligg på stortorget ved sidan av bl.a. Stadshotellet og rådhuset. Den endelege avtalen blei underteikna i festsalen til losjen 23. september 1905.

Karlstad har eit universitet med 11 000 studentar.

I utkanten av Karlstad ligg Bergvik kjøpesenter.

Ishockeyklubben Färjestads BK, som har vore blant dei dominerande klubbane i svensk ishockey i fleire tiår, kjem frå Karlstad.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Noregs flagg Moss (Noreg)
Danmarks flagg Horsens (Danmark)
Finlands flagg Nokia (Finland)
Islands flagg Blönduós (Island)
Estlands flagg Jõgeva (Estland)
Kroatias flagg Karlovac (Kroatia)