Gösta Mittag-Leffler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gösta Mittag-Leffler

Magnus Gustaf (Gösta) Mittag-Leffler (fødd 16. mars 1846 i Stockholm, død 7. juli 1927 i Djursholm) var ein svensk matematikar.

Gösta Mittag-Leffler var son av riksdagsmannen Johan Olof Leffler og Gustava Wilhelmina Mittag. Slekta Leffler er ein innvandra borgarslekt frå Breslau, kjent frå 1300-talet. Systera hans Anne Charlotte Leffler (1849-1892) var forfattar, broren Leopold Fredrik Alexander Leffler (stavast: Läffler) (1847-1921) ein kjend dialektforskar og fonetikar.

Etter studium ved Uppsala universitet fekk han stipend til å reisa i Europa, der han vart ven med mellom andre Charles Hermite og Karl Weierstrass. Han vart utnemnt til professor i matematikk i Helsingfors i 1877 og vart i 1881 den første matematikkprofessoren i Stockholm. Mittag-Leffler var uvanleg produktiv, ved sida av reine matematiske arbeid skreiv han biografiar over kjende matematikarar.

Mittag-Leffler var ein av den svenske matematikken sitt mest fargesterke og påverknadsrike individ. Han virkte som professor ved Stockholms högskola frå 1881, grunnla tidsskriftet Acta Mathematica omkring 1882 og i villaen hans på Djursholm utanfor Stockholm finst i dag Makarna Mittag-Lefflers matematiska stiftelse. Mittag-Leffler medverka òg til å løfte fram mange viktige matematikarar som til dømes Sonja Kovalevskij, Ivar Fredholm og Helge von Koch. I 1872 forsvarte han doktoravhandlinga si Om skiljandet af rötterna till en synektisk funktion af en variabel.

Mittag-Leffler-satsen og Mittag-Leffler-funksjon er kalla opp etter han. Han er gravlagd på Djursholms begravningsplats.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]