Galenos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Galen og Hippokrates avbilda i krypten i domkyrkja i Anagni

Galenos, Claudius Galenus (129200) var ein romersk lege av gresk opphav. Han er kjend for ei rekkje viktige verk innan filosofi, matematikk, grammatikk og medisin, og rekna som ein av dei viktigaste legane gjennom historia. Galenos var fødd i Pergamon i Vesleasia, men heldt seinare til i Roma.

Illustrasjon av ei gruppe med Galenos i midten. Frå Wien-Dioskurides frå 512.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Galenos var født i Pergamon og studerte i Smyrna, Korint og Alexandria. Han arbeidde som lege i heimbyen fram til han blei tilkalt til Roma i 162. Her var han livlege for keisar Marcus Aurelius og heldt førelesingar om medisin.

Lære[endre | endre wikiteksten]

De pulsibus av Galenos. Manuskript frå Venezia rundt 1550. Den greske teksten er omgjeven av omsetjingar til latin.

Galenos var påverka av den medisinske tenkinga til Hippokrates, av Herofilos og Erasistratos sine lærer om anatomi og fysiologi, og av filosofien til Platon og Aristoteles. Galenos la også mykje vekt på å sjå og forstå naturen, til dømes ved å studera dyreanatomi gjennom viviseksjon.

Han utvikla sjukdomslæra og behandlingane til Hippokrates vidare. Grunnlaget for all natur meinte han var dei fire elementa eld, luft, jord og vatn. Vidare påverka dei fire livsfasane (barndom, ungdom, vaksen alder og alderdom) og dei fire årstidene kroppen.

Alle naturgjenstandar hadde fire kvalitetar; varm, kald, tørr og fuktig, og det fanst fire legemsvæsker: Blod, slim (flegma), gul galle og svart galle. I tillegg hadde kroppen tre slags gassar som blei danna i dei tre sentrale organa, hjartet, leveren og hjernen.

Personlegdom og helse blei farga av overskot av ein type kroppsvæsker, til å bli kolerisk, flegmatisk, sangvinsk eller melankolsk. Sjukdom kom av ein ubalanse i kroppsvæskene. For å lækja måtte ein atterskapa balanse, til dømes gjennom årelating.

Galenos delte legemiddel i tre klassar:

  • Varme, kalde. Fuktige og tørre
  • Legemiddel som hadde biverknader
  • Legemidler med spesifikk verknad, til dømes avføringsmiddel og brekkmiddel

Ei rekkje oppskrifter på legemiddel som framleis er i bruk, stammar frå Galenos i galenisk farmasi.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Galenos er tillagt over 500 verk. 120 er bevart, men nokre finst berre i arabiske og latinske omsetjingar.

Symphonia Plato. Platon, Aristoteles, Hippokrates og Galenos speler i ein strykekvartett i dette tresnittet frå 1516.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Læra til Galenos heldt seg til langt ut på 1600-talet. Verka hans om anatomi, fysiologi og patologi danna grunnlaget for all medisinsk vitskap fram til utviklinga av moderne medisin.

Det viktigaste bidraget frå Galenos til legevitskapen var observasjonane hans av kroppen. Gjennom studie, demonstrasjonar og førelesingar om anatomi auka han forståing for fordøying, nervesystemet, blodomløpet og andedrett. Galenos var den første som brukte pulsen til å stilla diagnose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Galenos

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Garcia-Ballester, Luis; Galen and Galenism, Theory and Medical Practice from Antiquity to the European Renaissance; Ashgate Variorum, Hampshire, G.B., Vermont USA 2002