Pergamon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 39°7′N 27°11′E

Ruinane av det rekonstruerte tempelet til Trajan i Pergamon
Leivningane av teateret i Pergamon

Pergamon (gresk Πέργαμον eller Πέργαμος), eller Pergamum, var ein gresk oldtidsby i landskapet Mysia ved Bergama ved kysten i Anatolia (Vesleasia) i dagens Tyrkia, i dag lokalisert rundt 26 km frå Egearhavet på ei høgd på nordsida av elva Kaïkos (dagens Bakırçay). Byen vart hovudstaden for kongedømet Pergamon under den hellenistiske perioden under Attaliddynastiet, 281–133 fvt. Pergamon vart sitert i Johannes' openberring i Det nye testamentet som ei av dei sju kyrkjene i Asia. I dag er hovudsetet for Pergamon i antikken nord og vest for dagens moderne by Bergama.

Under hellenismen og Attalide-dynastiet voks til eit viktig kongerike. Kongen Attalos III gav i 133 fvt. kongeriket til Den romerske republikken. Dette førte til ein kortvarig borgarkrig som resulterte i at kongeriket vart delt mellom Roma, Pontus og Kappadokia.

Pergamon hadde det nest største biblioteket i den antikke verda, etter Alexandria i Egypt. Då ptolemearane innstilte eksporten av papyrus, oppfann pergamonarane eit nytt material, pergament, laga av kalveskinn. Seinare vart dette utvikla til pergamentpapir. Tyske arkeologar gjorde utgravingar i Pergamon frå 1800-talet, og ei rekkje kunstverk er utstilt i Pergamonmuseum i Berlin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kongeriket til Attaliddynastiet oppstod i kjølvatnet av at kongedømet Thrakia fall saman. Attalidane, etterkomarane av Attalos, far av Philetairos som kom til makta i 281 fvt. etter at Trakia kollapsa, var blant dei meste lojale tilhengarane av Den romerske republikkenen i den hellenistiske verda under Attalos I (241-197 fvt.), allierte dei seg med Roma mot Filip V av Makedonia under første og andre makedonske krigen, og på nytt under Eumenes II (197-158 f.Kr) mot Perseus av Makedonia under tredje makedonske krig. For støtta si mot Selevkidedynastiet i Syria vart attalidane løna med dei tidlegare områda til Selevkideriket i Anatolia.

Attalidane styrte med klokskap og sjenerøsitet. Mange dokument som har vorte verna viser der dei støtta framvoksteren av byar i sine område ved å sende dugelege handverkarar og ettergje skattar. Dei lét dei greske byane i sine område oppretthalde nominell sjølvstende. Dei sende gåver til greske kulturelle stader som Delfi, Delos, og Athen. De sigra over invaderande keltisktalande folkeslag. Dei ombygde akropolisen i Pergamon etter modell av Akropolis i Athen. Då Attalos III (138-133 fvt.) døydde utan arving i 133 fvt. lét han heile Pergamon testamenterast til Roma for å unngå borgarkrig.

I samsvar med den kristne tradisjonen vart den første biskopen av Pergamon, Antipas, martyr her ein gong rundt 92 evt.[1]

Den osmanske sultanen Murad III røva to store urner i alabast frå ruinane i Pergamon og plasserte dei på begge sider av midtskipet i Hagia Sophia i Istanbul.[2]

Liste over herskarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettbibelen: Johannes’ openberring 2:13
  2. E.J. Brill's first encyclopaedia of Islam, 1913-1936,‎ s. 526

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pergamon