Garnison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein garnison (frå fransk, avleidd frå garnir, 'å utstyre') er ein militærstyrke som er stasjonert på ein særskild stad. I den opphavlege tydinga av ordet hadde denne styrken som oppgåve å verne staden, gjerne ei festning, eit slott eller ein by. Byar som har ein militærforlegning vert ofte kalla garnisonsbyar.

Seinare har ein byrja å nytte ordet om styrkar som er stasjonert ein særskild stad utan at dei har oppgåve knytt til nettopp denne staden. Ordet vert nytta på denne måten i Det norske forsvaret, der ein til dømes har Garnisonen i Porsanger og Garnisonen i Sør-Varanger. Noko liknande gjeld i Storbritannia, der dei større militære basane, med meir enn ein leir og eige hovudkvarter vert kalla garnisonar.

I Israel er ei garnisonseining (hebraisk חיל מצב; cheil matzav) ei regulær eining som forsvarer eit spesifikt område som ein by, ein provins, ei festning eller ein enkelt bygning.