Gee av The Crows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gee
Singel av The Crows
B-side

«I Love You So»

Utgjeve Mars 1953
Innspelt Februar 1953
Sjanger Doo-wop, rock and roll
Lengd 2:14
Selskap Rama
Låtskrivar(ar) William Davis, Viola Watkins
The Crows-kronologi 
- Gee «Heartbreaker»
(1953)


«Gee» er ein song som stundom er omtalt som den første rock and roll-hitten av ei rock and roll-gruppe. Songen vart gjeven ut i juni 1954 av The Crows.[1] Han er ein doo-wop-song skriven av William Davis og Viola Watkins, og spelt inn av The Crows for det sjølvstendige selskapet Rama Records i Beltone Studios i New York City i februar 1953. Singelen gjekk inn på lista i april 1954, eit år seinare. Det tok eit år før han vart anerkjend på Your Hit Parade. Songen nådde andreplassen på rhythm and blues-lista og 14. plassen på poplista i USA. Det var den første doo-wop plata i 1950-åra som selde ein million eksemplar. Det var òg den første R&B-plata på eit sjølvstendig selskap som kryssa over til popmarknaden.[2]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Jan and Dean gav ut songen i 1960 på albumet sitt The Jan & Dean Sound.

The Hollywood Flames gav ut ein versjon av songen på singel i 1961 som nådde 26. plassen på den amerikanske R&B-lista.[3]

The Pixies Three (Mercury 72250) med vokalisten Debby Swisher, nådde 87. plassen på Billboard-lista og 79. plassen på Cashbox-lista i 1964.

The Beach Boys spelte inn ein kort versjon av songen som ein del av det uferdige albumet Smile. Denne kom med på Brian Wilson si soloinnspeling frå 2004 av albumet i ein medley med «Our Prayer», som ei innleiing til «Heroes and Villains».

Frank Zappa sitt The Mothers of Invention spelte songen fleire gonger under den første europeiske turneen sin (september og oktober 1967). Eit konsertopptak finst på den offisielle piratkopiplata til Frank Zappa, 'Tis the Season to Be Jelly i serien Beat the Boots frå juli 1991.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

The Crows-versjonen av songen er nytta i filmane American Graffiti (1973) og Cry-Baby (1990).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Warner, Jay, American Singing Groups: A History from 1940 to Today (2006), published by Hal Leonard Corporation, at page 137
  2. Jim Dawson, & Steve Propes (1992). What Was the First Rock'n'Roll Record. Boston & London: Faber & Faber. s. 124–127. ISBN 0-571-12939-0. 
  3. The Hollywood Flames, «Gee» chart position Retrieved February 4, 2016.