Genser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amerikansk fotball-spelar med genser i ein plakat frå 1902.

Genser er eit langerma strikkeplagg til overkroppen som ein tek på og av seg ved å trekka det over hovudet. Ein har gjerne genser på oppå andre klede, og kan bruka han både som inneplagg eller ytterplagg. Genser er som regel eit nokså laust, mjukt plagg og blir gjerne knytt til praktisk og uformell bruk, men har også vore brukt som moteplagg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Menn frå Guernsey i guernseygenserar.

Namnet på plagget er avleidd frå engelsk gansey eller guernsey som viser til øya Guernsey i Den engelske kanalen. Øya har hatt ein strikkeindustri sidan mellomalderen. Ho blei særleg kjend for dei tettstrikka overdelane laga for sjømenn. Desse genserane blei strikka med tjukt garn på fleire tynne strikkepinnar og inneheldt naturleg lanolin, noko som gjorde dei nær vind- og vasstette. På 1800-talet blei det sag at det fanst Guernsey-genserar «i hamnene i størsteparten av verda».[1] Dei blei særskild knytt til fiskarar og sjøfolk, og strikka i ei rekkje ulike kystområde eller område med mykje ullproduksjon. Det blei utvikla stadeigne strikkeformer, som arran, fair isle-, setesdalsmønster og så bortetter. Plagga var ofte like på fram- og baksida, slik at ein kunne snu dei og bruka dei lengre.[2]

Genser blei teke i bruk som uniform i den britiske marinen på 1800-talet.[3] Han blei eit fritidsplagg frå rundt 1890-åra, først hovudsakleg brukt av menn til sport som golf og sykling. Frå 1900-talet av blei genser også eit vanleg kvinneplagg.[4] I løpet av 1900-talet fekk genseren ei vid utbreiing som både mote- og kvardagsplagg. På 1940-talet blei det utvikla meir tettsitjande, kortare genserar, nokre gonger i kombinasjon med ein liknande strikkejakke som twinset. Seinare fekk ein også plagg som var mykje lengre og lausare, nokre gonger med belte til.

Raud genser som moteplagg ved ModeMuseum i Antwerpen.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Genser med selburosemønster.

Ein genser er sett saman av ein bol som omsluttar kroppen og erme som typisk dekkjer størstedelen av armen. Han har ofte ribbekantar ytst i ermene og nedst ved livet, og kan ha ulike former for krage oppe ved halsholet. Nokre genserar kan ha hette eller lommar, eller dei kan brukast med belte. Genserar kan vera einsfarga, mønstra eller eit bilete på den store flaten framme eller bak.

I den tradisjonelle strikkemåten på Guernsey strikker ein bolen rundt opp til halsholet, der ein avsluttar med ein trong ribbekant. Armhola blir klipte opp og sydde i kantane, før ein plukka opp maskar og strikka ermene derfrå. Ein bruker einsfarga fire- eller femtrådsgarn og ti-elleve strømpepinnar, og lager mønster ved hjelp av rett- og vrangstrikk. Marineblått er den vanlegaste fargen.[5]

Moderne, masseproduserte genserar blir laga på strikkemaskin og kan vera i ei rekkje ulike garntypar. Collegenseren har til dømes svært tynt garn som gjev han eit tett stoff. På slike genserar kan ein trykka ulik dekor som skrift, tal eller bilete.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Genser

Kjelder[endre | endre wikiteksten]