George David Birkhoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George David Birkhoff 1.jpg

George David Birkhoff (21. mars 188412. november 1944) var ein av dei fremste amerikanske matematikarane tidleg på 1900-talet.

Han var professor ved Harvard University frå 1912 og fram til han døydde. Gjennom den stimulerande undervisninga og banebrytande forskinga si, hadde han ein enorm innverknad på ein heil generasjon matematikarar i USA. Forskinga hans var hovudsakleg innan matematisk analyse og analyse nytta på dynamiske systeme, der namnet hans særskild er knytt opp mot det såkalla ergodeteoremet, som har mange bruksområde. Han utvikla òg ein eigen gravitasjonsteori etter at Albert Einstein hadde utvikla si, og konstruerte ein matematisk teori for estetikk som han nytta på kunst, musikk og poesi.

Han hadde leiande verv i fleire vitskaplege selskap. Arbeida hans omfattar mellom anna Relativity and Modern Physics (1923), Dynamical Systems (1928), Aesthetic Measure (1933) og Basic Geometry (1941, med Ralph Beatley).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]