George Hadley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

George Hadley (12. februar 168528. juni 1768) var ein engelsk advokat og amatørmeteorolog, og var den første som oppdaga den atmosfæriske dynamikken som driv passatvindane. På tida då Hadley levde var det å forstå passatvinden svært viktig for reiser mellom Europa og Nord-Amerika. Hadley undra seg over kvifor vindar som i utgangspunktet burde bles rett nordover, istaden bles vestover og det var dette mysteriet han prøvde å forklare.

Hadley vart fødd i London i England av Katherine FitzJames og George Hadley. Bror til den yngre George Hadley, John Hadley, fann opp spegelteleskopet og oktanten (ein forgjengar til sekstanten).

I 1686 sette Edmond Halley fram sin teori om passatvindane. Halley klarte å skildre sirkulasjonsmønsteret rundt ekvator, men klarte ikkje å forklare kvifor passatvinden har ein vestleg komponent. Hadde han klart det ville sannsynlegvis Hadley aldri blitt nemnd i historiebøkene. Hadley forstod derimot at jordrotasjonen spela ei viktig rolle i kva retning luftmassar flyttar seg i, og vart på den måten berømt.

Hadley vart vald inn i Royal Fellow i 1745 og døydde i 1768. I dag er Hadley Centre for Climate Prediction and Research, som er styrt av det britiske Met Office kalla opp etter George Hadley. I tillegg er sirkulasjonscella rundt ekvator og eit kraterplaneten Mars òg kalla opp etter han.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]